Hjem
Studentsider
Masteremne

Historieforteljing i undersøkande journalistikk

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeUJO663
  • Talet på semester1
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Vår/haust

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Undersøkande journalistikk inneber gjerne innhenting av mengder med data, store innsyn og saksdokument. Korleis ein kan formidla dette arbeidet slik at journalistikken skapar engasjement og får konsekvensar står sentralt i kurset: korleis kan ein formidla det undersøkande arbeidet for at ein skal nå fram til publikum på best mogleg vis. Kurset har spesielt blikk for digitale forteljarformer og går også djupare inn i forteljingsmåtar som er spesielle for uttrykksformer som tekst, lyd og bilete.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • Kan forstå korleis journalistiske arbeid kan presenterast på best mulege, gitt ulike konkrete samanhengar
  • Kan kritisk vurdera kva for forteljingsmåte og-form som vil vera mest tenleg i føreliggande graveprosjekt
  • Har avansert kjennskap til relevante kritiske og historiske tilnærmingar til journalistiske forteljingsmåtar

Ferdigheiter:

  • Kan formidla undersøkande journalistiske prosjekt på kreative måtar

Generell kompetanse:

  • Kan bidra med formidlingsteknikkar og -former som på kreative vis i relevante redaksjonelle prosjekt

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Videreutdanningskurs. Opptak til emnet skjer gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Samlingar, workshops, seminar, førelesingar, gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Ei deloppgåve under rettleiing undervegs i kurset. Nærare informasjon blir gitt ved kursstart.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Emneoppgåve. Oppgåva skal få fram korleis val forteljingsteknikkar, kan påverka formidling av graveprosjekt.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

--

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.

Programansvarleg

Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap

Kontakt