Hjem
Studentsider
Masteremne

Journalistikk, store data og digitale verktøy

  • Studiepoeng10
  • UndervisingssemesterHaust
  • EmnekodeUJO664
  • Talet på semester2
  • SpråkNorsk
  • Ressursar

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

Haust og vår

Undervisinga har oppstart om hausten og varer til våren

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi ei grunnleggande forståing av data som journalistisk verktøy - i heile den journalistiske prosessen, og med eit særleg fokus på behova i undersøkande journalistikk. Kurset vil gå i djupna på fire fasar i eit datajournalistisk prosjekt: i) innhenting og import av data, ii) vasking av data, iii) analyse av data, iv) presentasjon av data

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • Kan forstå relevansen av datajournalistiske verktøy for undersøkande journalistikk.
  • Kan drøfte og analysere etiske, metodiske og teknologiske dilemma ved datajournalistikk

Ferdigheiter:

  • Kan forstå prinsippa for analyse av store datamengder.

Generell kompetanse:

  • Kan bidra med datajournalistisk kompetanse i redaksjonelt arbeid
  • Kan inngå i fruktbart samarbeid om redaksjonelle løysingar med andre med informasjonsteknologisk kompetanse

Krav til forkunnskapar

 Bachelorgrad eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Videreutdanningskurs. Opent for dei som har fått opptak til emnet gjennom UiB Videre.

Hausten 2021: kun tilgjengelig for NRK-tilsette etter avtale med UiB. NRK nominerar deltakare etter intern søknadsprosess.

Arbeids- og undervisningsformer

To samlingar (innleiing og avslutning). Samlingane vil innehalda miniførelesingar, workshops, gruppe- oppgåve-arbeid. Digital undervisning undervegs.

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Éi deloppgåve under rettleiing undervegs i kurset. Nærare informasjon blir gitt ved kursstart.

Dei obligatoriske arbeidskrava må vere godkjende før studenten kan gå opp til eksamen.

Vurderingsformer

Emneoppgåve med refleksjonsrapport. Den praktiske emneoppgåva skal følgjast av ein refleksjonsrapport på 6- 8 sider.

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og  01.12 for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet