Hjem
Studentsider
Masteremne

Programmering i Python

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Etter- og vidareutdanning, høgare grad

Undervisningssemester

Vår

Undervisningsstad

Media City Bergen

Mål og innhald

Emnet har som mål å gi grunnlag for avansert bruk av data i journalistisk arbeid. Studentane lærer å skrive enkle program og forstå grunnleggande omgrep i eit moderne programmeringsspråk, mellom anna variable tal- og tekstoperasjonar, val- og løkkestrukturar, funksjonar, iterasjon, samlingsstrukturar, filer og klassar. Typer av data og modular med relevans for journalistisk arbeid, som tekst og regneark, står sentralt i emnet.

Emnet gir ei praktisk innføring i programmeringsspråket Python. Studentane kan bruke eigne data i individuelle oppgåver.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:

Kunnskapar:

Studenten

  • har grunnleggende kunnskap om sentrale omgrep innan programmering og korleis desse vert realisert i eit moderne programmeringsspråk
  • har kjennskap til datamaskina sin verkemåte, eksekvering og datalagring
  • har kjennskap modular som er relevante for journalistisk arbeid
  • har kjennskap til bruksområde for programmering i gravande journalistikk

Ferdigheiter:

Studenten

  • kan bruke programmeringsomgrep og programmeringskonstruksjonar
  • kan bruke verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program
  • kan utforme enkle program som handterer ulike typar data

Generell kompetanse:

Studenten

  • kan nytta grunnleggande programmeringskunnskap sjølvstendig i relevante journalistiske samanhengar.
  • har forståing av programmering som metode i gravejournalistikk

Krav til forkunnskapar

 Bachelorgrad eller tilsvarande.

Tilrådde forkunnskapar

UJO664 eller tilsvarande

Studiepoengsreduksjon

DATA110 (10sp)

INFO132 (10sp)

INF100 (10sp)

INF109 (10sp)

MIX101 (10sp)

Krav til studierett

Videreutdanningskurs. Opent for dei som har fått opptak til emnet gjennom UiB Videre.

Arbeids- og undervisningsformer

Fysiske samlingar, digitale seminar, førelesingar og gruppearbeid

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Éi obligatorisk innlevering. Nærmare informasjon blir gitt ved oppstart av kurset.

Vurderingsformer

4 timar skriftleg eksamen

Hjelpemiddel til eksamen

Ingen

Karakterskala

Karakterskala A-F

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret. 

Emneevaluering

Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.

Programansvarleg

Institutt for informasjons- og medievitskap

Emneansvarleg

Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.

Administrativt ansvarleg

Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet

Eksamensinformasjon

  • Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.

  • Vurderingsordning: Skuleeksamen

    Dato
    05.05.2022, 09:00
    Varigheit
    4 timer
    Trekkfrist
    03.06.2022
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen
    Sted