Programmering i Python
- Studiepoeng10
- UndervisingssemesterVår
- EmnekodeUJO665
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
10 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Etter- og vidareutdanning, høgare grad
Undervisningssemester
Vår
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Emnet har som mål å gi grunnlag for avansert bruk av data i journalistisk arbeid. Studentane lærer å skrive enkle program og forstå grunnleggande omgrep i eit moderne programmeringsspråk, mellom anna variable tal- og tekstoperasjonar, val- og løkkestrukturar, funksjonar, iterasjon, samlingsstrukturar, filer og klassar. Typer av data og modular med relevans for journalistisk arbeid, som tekst og regneark, står sentralt i emnet.
Emnet gir ei praktisk innføring i programmeringsspråket Python. Studentane kan bruke eigne data i individuelle oppgåver.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:
Kunnskapar:
Studenten
- har grunnleggende kunnskap om sentrale omgrep innan programmering og korleis desse vert realisert i eit moderne programmeringsspråk
- har kjennskap til datamaskina sin verkemåte, eksekvering og datalagring
- har kjennskap modular som er relevante for journalistisk arbeid
- har kjennskap til bruksområde for programmering i gravande journalistikk
Ferdigheiter:
Studenten
- kan bruke programmeringsomgrep og programmeringskonstruksjonar
- kan bruke verktøy som vert nytta for å skrive, køyre og teste enkle program
- kan utforme enkle program som handterer ulike typar data
Generell kompetanse:
Studenten
- kan nytta grunnleggande programmeringskunnskap sjølvstendig i relevante journalistiske samanhengar.
- har forståing av programmering som metode i gravejournalistikk
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad eller tilsvarande.
Tilrådde forkunnskapar
UJO664 eller tilsvarande
Krav til studierett
Videreutdanningskurs. Opent for dei som har fått opptak til emnet gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
Fysiske samlingar, digitale seminar, førelesingar og gruppearbeid
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Ingen
Vurderingsformer
4 timar skriftleg eksamen
Hjelpemiddel til eksamen
Ingen
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.
Programansvarleg
Institutt for informasjons- og medievitskap
Emneansvarleg
Emneansvarleg og administrativ kontaktperson finn du i Mitt UiB.
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet ved Institutt for informasjons- og medievitskap har det administrative ansvaret for emnet
Eksamensinformasjon
Klokkeslett for oppstart av skriftlig eksamen kan endre seg fra kl 09.00 til 15.00 eller vice versa inntil 14 dager før eksamen.
Vurderingsordning: Skuleeksamen
- Dato
- 02.06.2023, 09:00
- Varigheit
- 4 timer
- Trekkfrist
- 19.05.2023
- Eksamenssystem
- Inspera
- Digital eksamen
- Sted
- Damsgårdsveien 125, DAM 1. etg.