Masteroppgåve i gravejournalistikk
- Studiepoeng30
- UndervisingssemesterVår, Haust
- EmnekodeUJO670
- Talet på semester1
- SpråkNorsk
- Ressursar
Hovedinnhold
Studiepoeng, omfang
30 studiepoeng
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Vår/haust
Undervisningsstad
Media City Bergen
Mål og innhald
Målet med masterprosjektet er å utvikla ei teoretisk-analytisk oppgåve i lys av eige eller andre sitt praktiske graveprosjekt. Den erfaringsbaserte kompetansen og ei teoretisk-analytisk tilnærming vil til saman gi ein særeigen, sjølvstendig og avansert kompetanse innanfor gravejournalistikk.
Masteroppgåva skal vera på om lag 40 sider. Problemstillinga skal springa ut frå eit graveprosjekt, som kan vera eins eige. Problemstillinga skal svarast på ved hjelp av relevante vitskaplege metodar og teori og drøftast på ein fagleg avansert måte, ved hjelp av relevant faglitteratur. Drøftinga skal vera integrert med studentens erfaringsbaserte kompetanse.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsbytte:
Kunnskapar:
Studenten
- har avansert kunnskap innan fagområdet journalistikk og spesialisert innsikt i gravejournalistikk.
- har inngåande kunnskap om relevante vitskaplege teoriar og metodar.
Ferdigheiter:
- kan gjera nytte av relevante forskingsmetodar.
- Har kunnskapar i akademisk skriving og presentasjon
Generell kompetanse
- Har avansert forståing for vitskaplege tilnærmingar til gravejournalistikk
- Kan analysera relevante fag-, yrkes- og forskingsetiske problemstillinga
Krav til forkunnskapar
Enten UJO660 eller UJO661, pluss 50 studiepoeng med valfrie emner i kursdelen.
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Videreutdanningskurs. Opptak til emnet skjer gjennom UiB Videre.
Arbeids- og undervisningsformer
- Rettleiing
- Seminar/workshops
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Rettleiing i samband med masteroppgåva
Vurderingsformer
Skriftleg refleksjonsoppgåve over sjølvvalt e Masteroppgåve og justerande munnleg eksamen
Masteroppgåva består av ei teoretisk-analytisk oppgåve på om lag 40 sider.
Karakterskala
Karakterskala A-F
Vurderingssemester
Vår/haust
Litteraturliste
Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.
Emneevaluering
Emnet blir evaluert av studentar og faglærar etter kvar gjennomføring.
Programansvarleg
Programstyret ved Institutt for informasjons- og medievitskap
Administrativt ansvarleg
Det samfunnsvitskaplege fakultet, ved Institutt for informasjons- og medievitskap