Hjem
Utdanning
Laveregradsemne

Basismodul i universitetspedagogikk

Studiepoeng, omfang

10

Undervisningssemester

Høst og vår

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Modulen har som overordna mål å bidra til at Universitetet i Bergen reflekterer over lærings- og undervisingsspørsmål med utgangspunkt i forskingsbasert og erfaringsbasert kunnskap om læring og undervisning i høgare utdanning.

Modulen har tre grunnkomponentar:

1: Erfaringsbasert læring. Modulen tek utgangspunkt i deltakaranes eigne erfaringar som studentar og lærarar i høgare utdanning, og i dei ulike typar læringsaktivitetar deltakarane er med på i modulen.

2: Kritisk refleksjon. Deltakarane reflekterer over og analyserer læringsmiljø og undervising i høgare utdanning med hovedfokus på studentar si læring.

3: Kollegarettleiing i undervisningen. Deltakarane diskuterer, samarbeider og observerer kvarandres undervising som ledd i å være medlemmer av et bredt fellesskap av undervisarar ved universitetet.

Innhald: Oppfatningar om læring og undervising, studentfaktorar i læringsprosessen, studentaktive læringsformer, design av gode læringsmiljø, vurdering og evaluering, utdanningspolitiske dokument.

Læringsutbyte

Modulen tek utgangspunkt i deltakaranes eksisterande kunnskaper og ferdigheiter. Læringsutbytte blir difor uttrykt som Generell kompetanse. Ved modulens slutt skal deltakarane:

  • kunne reflektere over og analysere korleis eigen undervisningspraksis medverkar til studentanes læring, i lys av forskings- og erfaringsbasert

kunnskap om læring og undervising i høgare utdanning.

  • kunne utforme og kritisk vurdere kursdesign slik at det er samanheng mellom læringsutbyttebeskrivelsar, val av lærings- og undervisingsformer, og val av vurderingsformer.
  • kunne bidra til at Universitetet i Bergen blir ein stadig betre utdanningsinstitusjon gjennom samarbeid, diskusjon og leiing av læringsfremjande tiltak.

Krav til forkunnskapar

Ingen

Krav til studierett

Kurset er ope for tilsette i vitskaplege stillingar ved Universitetet i Bergen. Nytilsette i faste vitskaplege stillingar har førerett til deltaking

Undervisningsformer og omfang av organisert undervisning

Modulen har 7 undervisingsdagar på 7 timar og 2 kollegabesøk på 3 timar. Undervisinga er samansett av 2 samlingar på 3 dagar med ein mellomperiode på 2-3 månader og 1 dagssamling i det påfølgande semesteret, der deltakarane skal legge fram rapport frå det obligatoriske utviklingsarbeidet for kvarandre. Kollegabesøkene føregår i mellomperioden mellom 1. og 2. samling. Modulen er kullbasert med ca. 20 deltakarar på kvart kull.a

Obligatorisk undervisningsaktivitet

For å få godkjent kurset må deltakarane ha delteke på minimum 80% av undervisinga.

Vurderingsformer

Deltakarane utfører eit skriftleg arbeid i etterkant av modulen som må godkjennast.

Karakterskala

Ved sensur av emnet vert karakterskalaen greidd/ikkje greidd nytta.

Litteraturliste

Ei tematisk ressurslitteraturliste vil bli tilgjengeleg.

Emneevaluering

Studentane føretek ei skriftleg evaluering av kurset.

Institutt

Institutt for pedagogikk

Kontakt

Kontaktinformasjon

For meir informasjon, venlegast send ein epost til uniped@uib.no

Eksamensinformasjon