Forskingsrettleiing
Lågaregradsemne
- Studiepoeng
- 5
- Undervisningssemester
- Haust, Vår
- Emnekode
- UPED622
- Talet på semester
- 1
- Undervisningsspråk
- Norsk og engelsk
- Ressursar
- Timeplan
Emnebeskrivelse
Mål og innhald
Bidra til å styrke den enkelte vitskapleg tilsettes kompetanse i høve rettleiing av doktorgradskandidatar.
- Gje deltakarane auka forståing av ulike tilhøve som fremmer og hemmer læring.
- Gje deltakarane ei innføring i ulike rettleiingstradisjonar og rettleiingspraksisar.
- Gje deltakarane auka innsikt i ulike tilhøve som påverkar relasjonen mellom rettleiar og doktorgradskandidat, og kva som skal til for å sikre kandidatane sin progresjon.
Læringsutbyte
Etter å ha gjennomført kurset skal deltakarane:
Kunnskapar:
- Kjenne til nokon sentrale teoriar om læring
- Kjenne til nokon sentrale rettleiingstradisjonar og rettleiingspraksisar
- Ha kunnskap om ulike tilhøve som har tydning for motivasjon og læring
Ferdigheiter
- Vere i stand til å identifisere mogelege læringsmessige tersklar og barrierer knytt til eige fag og til kandidatane sitt arbeid
- Vere i stand til å bistå eigne kandidatar til å overkomme eventuelle læringsmessige barrierer og til å nå oppsette mål
Generell kompetanse:
- Være medviten si eiga rolle som rettleiar og
kunne identifisere og handle adekvat på ulike utfordringar av relasjonell og fagleg karakter.
Studiepoeng, omfang
Undervisningssemester
Undervisningsstad
Krav til forkunnskapar
Krav til studierett
Arbeids- og undervisningsformer
Kurset består av to samlingar samt arbeid i mellomperioden. Den første samlinga strekkjer seg over to dagar. Her vil ein variere mellom korte presentasjonar, gruppediskusjonar med utgangspunkt i case og bidrag frå deltakarane. I perioden mellom første og andre samling skal deltakarane arbeide med eit prosjekt. Andre samling består av ein dag der deltakarane presenterer sine prosjekt for kvarandre og mottek tilbakemelding. Maks antal deltakarar er 20.
Prosjekt
Deltakarane vil kunne velge mellom to ulike prosjekt, anten:
1. Utforme eit rettleiingsopplegg knytt til eige fag/praksis, tenkt eller faktisk for eit konkret tilfelle.
Eller:
2. Med utgangspunkt i eit utlevert case diskutere ulike utfordringar/svakheiter og presentere eit alternativt opplegg. Prosjektet skal beskrivast i form av ein skriftleg rapport. Den skriftlige rapporten skal ha eit omfang på 1500-2000 ord. Deltakarane vil få utlevert ein mal som spesifiserer struktur/innhald for rapporten. Den enkelte får tilbakemelding av andre kursdeltakarar på sitt prosjekt/framlegg på andre samling. Denne tilbakemeldinga skal innarbeidast i den skriftlige rapporten som skal leverast på ein nærare gitt dato etter andre samling. Kurset er ikkje godkjent før endeleg rapport er innlevert. Rapportane skal være utforma på ein måte som gjer at dei kan publiserast på Program for universitetspedagogikk sine nettsider: www.uib.no/uniped