Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringer, del 1
- Studiepoeng10
- Undervisingssemester
- EmnekodeUPSH301
- Talet på semester
- SpråkNorsk
- Ressursar
Studienivå (studiesyklus)
Master
Undervisningssemester
Haust
Mål og innhald
Mål
Studenten skal tileigne seg grunnleggande kunnskap om sentrale helseutfordringar i dagens Norge, samt om korleis bruk av ulike teoritradisjonar genererer ulik kunnskap om desse utfordringane. Målet er å styrke kritisk refleksjon rundt kunnskapsproduksjon på feltet helse og samfunn.
Innhald
Emnet gir ei innføring i komplekse utfordringar knytt til felta arbeid og helse, ein aldrande befolkning, migrasjonshelse, sosial ulikskap i helse og brukermedverknad. Emnet inkluderer vidare ei innføring i ulike teoritradisjonar - med vekt på eit biopsykosososialt, antropologisk og fenomenologisk perspektiv. Korleis ulike teoritradisjonar har implikasjonar for utvikling av og gyldigheit i vitskapleg kunnskap vert diskutert.
Læringsutbyte
Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
KUNNSKAPER
Studenten har:
- Grunnleggande kunnskap om sentrale omgrep og problemfelt om arbeid og helse, ei aldrande befolkning og migrasjonshelse
- Grunnleggande kunnskap om sentrale omgrep og problemfelt knytt til ulikskap i helse og brukarmedverking
- Grunnleggande innsikt i korleis bruk av ulike teoretiske tradisjonar - med vekt på eit biopsykosososialt, antropologisk og fenomenologisk perspektiv - genererer ulike typar kunnskap innan forskingsfeltet helse og samfunn
FERDIGHEITER
Studenten kan:
- Diskutere komplekse helseutfordringar i dagens Norge
- Diskutere ulik type kunnskap innan felta arbeid og helse, ein aldrande befolkning, migrasjonshelse, ulikskap i helse og brukermedverknad
- Diskutere korleis sentrale helseutfordringar kan belyses frå ulike teoretiske perspektiv for å kunne produsere vitskapleg kunnskap på feltet
GENERELL KOMPETANSE
Studenten kan:
- Reflektere kritisk rundt kompleksiteten i helseutfordringar i Norge i dag
- Reflektere kritisk rundt korleis bruk av forskjellige teoretiske perspektiv gir grunnlag for produksjon av ulik forskingsbasert kunnskap innan feltet helse og samfunn
Krav til forkunnskapar
Bachelorgrad i helsefag eller tilsvarende
Krav til studierett
Studierett ved Masterprogram i helse og samfunn
Arbeids- og undervisningsformer
Studentaktiviserande undervisings- og arbeidsformer vert nytta:
- Førelesningar med studentførebuande/student-aktiviserande element
- Seminar med munnlege framlegg og diskusjon
- Seminar i grupper knytt til obligatoriske oppgåver, munnleg framlegg og tilbakemelding/diskusjon
- Sjølvstudium
Obligatorisk undervisningsaktivitet
Deltaking på seminar med munnlege framlegg og diskusjon.
Obligatoriske oppgåver og deltaking på seminar knytt til desse.
Vurderingsformer
Heimeeksamen
Karakterskala
Bestått/ikkje bestått
Vurderingssemester
Haust
Emneevaluering
Emnet evaluerast ved kvar gjennomføring munnleg og skriftleg, og med evalueringsrapport i kvalitetsportalen kvart 4. år.