Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringer, del 1

Masteremne

Emnebeskrivelse

Mål og innhald

Mål

Studenten skal tileigne seg grunnleggande kunnskap om sentrale helseutfordringar i dagens Norge, samt om korleis bruk av ulike teoritradisjonar genererer ulik kunnskap om desse utfordringane. Målet er å styrke kritisk refleksjon rundt kunnskapsproduksjon på feltet helse og samfunn.

Innhald

Emnet gir ei innføring i komplekse utfordringar knytt til felta arbeid og helse, ein aldrande befolkning, migrasjonshelse, sosial ulikskap i helse og brukermedverknad. Emnet inkluderer vidare ei innføring i ulike teoritradisjonar - med vekt på eit naturvitskapleg-, samfunnsvitskapleg- og fenomenologisk perspektiv. Korleis ulike teoritradisjonar har implikasjonar for utvikling av og gyldigheit i vitskapleg kunnskap vert diskutert.

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

KUNNSKAPER

Studenten har:

  • Grunnleggande kunnskap om sentrale omgrep og problemfelt om arbeid og helse, ei aldrande befolkning og migrasjonshelse
  • Grunnleggande kunnskap om sentrale omgrep og problemfelt knytt til ulikskap i helse og brukarmedverking
  • Grunnleggande innsikt i korleis bruk av ulike teoretiske tradisjonar - med vekt på eit naturvitskapleg-, samfunnsvitskapleg- og fenomenologisk perspektiv - genererer ulike typar kunnskap innan forskingsfeltet helse og samfunn

FERDIGHEITER

Studenten kan:

  • Diskutere komplekse helseutfordringar i dagens Norge
  • Diskutere ulik type kunnskap innan felta arbeid og helse, ein aldrande befolkning, migrasjonshelse, ulikskap i helse og brukermedverknad
  • Diskutere korleis sentrale helseutfordringar kan belyses frå ulike teoretiske perspektiv for å kunne produsere vitskapleg kunnskap på feltet

GENERELL KOMPETANSE Studenten kan:

  • Reflektere kritisk rundt kompleksiteten i helseutfordringar i Norge i dag
  • Reflektere kritisk rundt korleis bruk av forskjellige teoretiske perspektiv gir grunnlag for produksjon av ulik forskingsbasert kunnskap innan feltet helse og samfunn

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Master

Undervisningssemester

Haust
Krav til forkunnskapar
Ingen
Tilrådde forkunnskapar
Ingen
Studiepoengsreduksjon
Ingen
Krav til studierett
Studierett på masterprogram i helse og samfunn
Arbeids- og undervisningsformer

Følgjande undervisings- og arbeidsformer vert nytta:

  • Førelesningar med studentførebuande/student-aktiviserande element
  • Seminar med munnlege framlegg og diskusjon
  • Seminar i grupper knytt til obligatoriske oppgåver, munnleg framlegg og tilbakemelding/diskusjon
  • Sjølvstudium

Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.

Obligatorisk undervisningsaktivitet
  • Gruppeoppgåve
  • Munnleg presentasjon
  • Godkjende obligatoriske aktivitetar er gyldige i tre semester.

    Vurderingsformer
  • Skriftleg individuell oppgåve
  • Karakterskala
    Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.
    Vurderingssemester
    Haust
    Litteraturliste
    Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.
    Emneevaluering
    Emnet evaluerast etter gjeldande retningslinjer for studiekvalitet. Alle emneevalueringer blir lasta opp i studiekvalitetsdatabasen.
    Programansvarleg
    Programutvalet for helsefag er ansvarleg for masterprogrammet i helse og samfunn
    Administrativt ansvarleg
    Studieseksjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.