Hjem
Studentsider
Masteremne

Ulike perspektiv på sentrale helseutfordringer, del 2

Hovedinnhold

Studiepoeng, omfang

10 studiepoeng

Studienivå (studiesyklus)

Masteremne

Undervisningssemester

Vår

Mål og innhald

Mål

Studenten skal tileigne seg inngåande kunnskap om sentrale helseutfordringar i dagens Norge, samt innsikt i korleis bruk av ulike teoritradisjonar genererer ulik kunnskap om desse utfordringane. Målet er å styrke kritisk refleksjon rundt kunnskapsproduksjon på feltet helse og samfunn.

Innhald

Emnet gir innsikt i komplekse utfordringar knytt til felta arbeid og helse og ein aldrande befolkning. Sosial ulikskap i helse og brukermedverknad vert og fokusert.

Emnet inkluderer vidare ei innføring i ulike teoritradisjonar - med vekt på eit naturvitskapleg-, samfunnsvitskapleg- og fenomenologisk perspektiv. Korleis ulike teoritradisjonar har implikasjonar for utvikling av og gyldigheit i vitskapleg kunnskap vert diskutert.

Læringsutbyte

KUNNSKAPER

Studenten har:

¿ Inngående kunnskap om sentrale omgrep og problemfelt om arbeid og helse og ei aldrande befolkning.

¿ Inngående kunnskap om sentrale omgrep og problemfelt knytt til ulikskap i helse og brukarmedverking

¿ Innsikt i korleis bruk av ulike teoretiske tradisjonar - med vekt på eit naturvitskapleg-, samfunnsvitskapleg- og fenomenologisk perspektiv - genererer ulike typar kunnskap innan forskingsfeltet helse og samfunn

FERDIGHEITER

Studenten kan:

¿ Identifisere kunnskap og kunnskapsbehov som kan møte komplekse helseutfordringar i dagens Norge

¿ Formidle kunnskap innan felta arbeid og helse og ein aldrande befolkning med vekt på ulikskap i helse og brukermedverknad

¿ Diskutere korleis sentrale helseutfordringar kan belysast frå ulike teoretiske perspektiv for å kunne produsere

GENERELL KOMPETANSE

Studenten kan:

¿ Reflektere rundt kompleksiteten i helseutfordringar i Norge i dag

¿ Reflektere kritisk rundt korleis bruk av forskjellige teoretiske perspektiv gir grunnlag for produksjon av ulik forskingsbasert kunnskap innan feltet helse og samfunn

Krav til forkunnskapar

Tilrådde forkunnskapar

Ingen

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Studierett på masterprogram i helse og samfunn

Arbeids- og undervisningsformer

Studentaktiviserande undervisings- og arbeidsformer vert nytta:

  • Korte førelesingar med studentførebuande/student-aktiviserande element
  • Seminar med munnlege framlegg og diskusjon
  • Sjølvstudium

Obligatorisk undervisningsaktivitet

  • Deltaking i gruppeoppgåve
  • Munnleg presentasjon i forbindelse med gruppeoppgåve

Det forventast at alle studentar møter opp og deltar aktivt i undervisninga. Kvar student har ansvar for eigen læring og for å bidra til gruppas læringsmiljø.

Vurderingsformer

  • Individuell skriftleg oppgåve

Karakterskala

Karakterskala A til F, der A er beste karakter og F er stryk.

Vurderingssemester

Vår

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.01. for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet evaluerast etter gjeldande retningslinjer for studiekvalitet. Alle emneevalueringer blir lasta opp i studiekvalitetsdatabasen.

Programansvarleg

Programutvalet for helsefag er ansvarleg for masterprogrammet i helse og samfunn

Administrativt ansvarleg

Studieseksjonen ved Institutt for global helse og samfunnsmedisin.

Kontakt

Studierettleiar kan kontaktast her:

studie@igs.uib.no

Eksamensinformasjon

  • Vurderingsordning: Heimeeksamen

    Oppgave utleveres
    24.02.2023, 09:00
    Innleveringsfrist
    03.03.2023, 14:00
    Trekkfrist
    01.02.2023
    Eksamenssystem
    Inspera
    Digital eksamen