Hjem
Studentsider
Masteremne

Felles praksisemne i aldersmedisin

Undervisningssemester

Vår og haust

Forelesingar i vårsemesteret (januar)

Praksis enten i vår eller haustsemesteret

Undervisningsstad

Teori ved UiB

Praksis/utplassering i Bergen, Fjell eller Askøy.

Mål og innhald

Overordna mål:

Å gje tverrprofesjonell innsikt i aldring og helse

Å gje ein oversikt over eldreomsorg i Noreg

Å trene helseprofesjonsstudentar i tverrfagleg pasientarbeid

Innhald:

Teoretisk nærming: Temaet vert presentert som caser som gir innsikt i ulike relevante tema.

Praksis/utplassering: Studentane etablerer seg i tverrfaglege team, utgreiar pasientar, og skriv tiltaksplan som diskuterast i dialog med institusjonens helsearbeidere.

Læringsutbyte

Etter endt emne og trening i TVEPS og saman med annen parallell studieaktivitet reknas det med at studentane i større grad vil:

Kunnskapar

  • Ha tverrfagleg kunnskap om eldreomsorgen i Noreg, med fordypning i munnhelse, ernæring, polyfarmasi hos eldre, og kommunikasjon ved slutten av livet
  • Kjenne til andre helseprofesjonars kompetanse og kva desse kan bidra med i pasientarbeid
  • Ha kunnskap om betydningen av tverrprofesjonelt samarbeid
  • Kjenne betydningen av å samarbeide med pasient/klient/brukar

Ferdigheiter

  • Kunne formidle egen vurdering til samarbeidande profesjonsgrupper
  • Kunne nytta egen fagleg kompetanse i samarbeid med andre profesjonsgrupper til beste for pasient/klient/bruker
  • Kunne delta aktivt i gjennomføring av ein tverrprofesjonell utrgreiing av pasient/klient/brukar

Generell kompetanse

  • Kunne kommunisere om faglege problemstillingar og konklusjonar innanfor fagområdet med andre helseaktørar
  • Kan analysere og reflektere over gruppedynamikken i teamet de var ein del av
  • Kunne reflektere over egen rolle i grupper og gruppeprosessar

Krav til studierett

Opptak til eit av følgande studieprogram:

Masterprogram i klinisk ernæring - valemne

Masterprogram i helse og samfunn - valemne

Integrert master i farmasi - valemne

Medisinstudiet - emne til elektiv periode

Bachelor i tannpleie - 3. studieår

Arbeids- og undervisningsformer

Emne består av ein teori og ein praksisdel. Begge deler må gjennomførast og bestås for å få faget godkjent.

Teori:

8 samlingar/forelesingar. Forelesingane er obligatoriske. Det er ein forutsetning at man følger undervisningen. Ved fråvær frå meir enn ein forelesing vil man ikkje bestå emnet. Undervisningen vil være teambased, og studentane skal forberede seg før forelesingane med litteratur til den enkelte forelesing. Litteraturen er tilgjengeleg på Mitt UiB.

Praksis: Estimert arbeidsmengde = 20 timer

  • Førebuing før/etter oppstartsmøtet (1,5 time)
  • Oppstartsmøte - på ettermiddagstid (1,5 time)
  • Utredningsdag - heil dag med praksis på arbeidsplass (6 timar)
  • Samarbeid om tiltaksplan (6 timar)
  • Dialogmøte (2 timar)
  • Revidering av tiltaksplan (2 timar)

Refleksjonsspørjeskjema i etterkant av selve praksisen (1 time)

Obligatorisk undervisningsaktivitet

Obligatorisk deltaking på undervisning og obligatorisk deltaking på TVEPS-praksis.

Vurderingsformer

Deltaking i teori- og praksisdelen er obligatorisk.

Studenten får `bestått ` etter deltaking i minst 85% av obligatorisk oppmøte. Fråvær frå maks ein forelesing er tillatt for å bestå emnet.

Medisinstudentar (6 sp) skal i tillegg gjennomføre avsluttande prøve på Mitt UiB.

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Fagleg overlapp

Overlapper med VALGTVEPS som gir 5 studiepoeng. VALGTVEPS-A har tilleggspensum tilsvarande 1 studiepoeng og er ment for medisinstudenter i elektiv periode.

Vurderingssemester

Vår eller haust, avhengig av tidsrom for praksis

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studie-nutrition@uib.no

Eksamensinformasjon