Hjem
Studentsider
Laveregradsemne

Sentrale spørsmål i forsking og samfunn: Kunstig intelligens: Visjonar, realitetar og framtidige konsekvensar

  • Studiepoeng5
  • UndervisingssemesterVår, Haust
  • EmnekodeVIT216
  • Talet på semester1
  • SpråkNorsk. Nokre forelesingar kan gå føre seg på engelsk.
  • Ressursar

Studiepoeng, omfang

5 sp

Studienivå (studiesyklus)

Bachelor

Fulltid/deltid

Fulltid

Undervisningssemester

Vår eller haust

Undervisningsstad

Bergen

Mål og innhald

Mål:

Emnet VIT216 skal formidle forståing for eit aktuelt og samansett samfunnsspørsmål i vår tid med potensielt store konsekvensar for individ, liv, miljø og samfunn.

Formålet med studiet er å gje studentane moglegheit til å:

- øve opp evna til kritisk refleksjon om forholdet mellom ulike kunnskapsformer, verdiar, faglege perspektiv og akademiske kulturar

- utvikle eit breitt repertoar av intellektuelle ferdigheiter og kompetansar til å engasjere seg i forskingsbasert, tverrfagleg diskusjon om sentrale samfunnsspørsmål (her: kunstig intelligens)

- å bevisstgjere seg og vidareutvikle si akademiske personlegdom og refleksjon over eige fag i møte med andre faglege perspektiv og eit sentralt samfunnsspørsmål

Innhald:

Studiet tar opp tema som

- Kva er "algoritmar", "robotar", "stordata", "maskinlæring" og "kunstig intelligens"?

- Bruksområde og grenser

- Forholdet mellom kunstig og naturleg intelligens

- Robotar og automatisering av arbeidsliv og samfunnsoppgåver

- Sårbarheit og samfunnssikkerheit

- Stordata, overvaking og personvern

- Automatiserte avgjerdsprosesser og rettar

- Det teknologiske imperativ og den etiske skilnaden mellom kva vi kan gjere og kva vi bør gjere

- Kjensler, sjølvmedvit og moralske val

- Kulturelle representasjonar av kunstig intelligens: Visjonar, forventingar og redslar

Læringsutbyte

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Studenten

- kan gjere greie for og kritisk diskutere sentrale omgrep, diskusjonar og forskings- og samfunnsspørsmål i samband med ein overordna, fagovergripande tematikk og eit komplekst samfunnsspørsmål (her: kunstig intelligens)

- kan gjere greie for og kritisk diskutere eigenarten til ulike fag og forskingsfelt sine perspektiv på ein overordna og fagovergripande tematikk, medrekna ulike faglege perspektiv sine føresetnader, grenser og arbeids- og forståingsformer

- kan gjere greie for og samanlikne sitt eige faglege perspektiv sine føresetnader, grenser og arbeids- og forståingsformer med andre fag og forskingsfelt, og kritisk diskutere eige fag sitt bidrag til kunnskap om den overordna tematikken

Ferdigheiter

Studenten

- kan gjere skrifleg greie for endringar i tenkinga si i forhold til eit temarelevant samfunnsspørsmål og vise at den påståtte endringa har funne stad (her: refleksjonsnotat)

- utvikle skriftleg ein sjølvstendig problemstilling, gje ei utgreiing for eigen arbeidsmåte, samanstille og omarbeide refleksjonsnotat og kritisk diskutere føresetnader og konsekvensar av eiga tenking i forhold til eit temarelevant samfunnsspørsmål (her: skriftleg eksamensbesvarelse/sluttrapport)

Generell kompetanse

Studenten

- har eit reflektert forhold til kunnskap, og vere i stand til å problematisere tverrfagleg og disiplinbasert arbeid som rettar seg mot komplekse samfunnsspørsmål

- kan kommunisere på tvers av faglege skilleliner og akademiske kulturar, medrekna å skrive i eit allment tilgjengeleg, balansert og godt argumentert akademisk språk som er forståeleg for det opplyste offentlege folket ved universitetet

- kan endre tenkinga si på bakgrunn av nye perspektiv og kunnskapar

- kan sjå utsida av tenkinga si, her også andre faglege perspektiv så vel som perspektiv som tar sitt utgangspunkt utanfor vitskapen (til dømes politiske avgjerder, samfunnsdebatt, livssyn, verdispørsmål med meir)

Krav til forkunnskapar

Minst 30 studiepoeng må være avlagt ved UiB eller ein annan institusjon

Tilrådde forkunnskapar

Examen philosophicum

Studiepoengsreduksjon

Ingen

Krav til studierett

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved UiB, med minst 30 avlagte sp

Arbeids- og undervisningsformer

Undervisningsemnet er delt inn i fleire temamodular (4-5 stk.), der studenten jobbar med bestemte tematikkar og faglege perspektiv på den overordna tematikken. Kvar temamodul inneheld

- førebuande arbeid til forelesing, gruppearbeid og seminar (lesing, refleksjonsoppgåver med digitale læremidler, el.)

- forelesing (foredrag, tverrfagleg samtale mellom forskarar, studentøvingar, bruk av digitale læringsmiddel til vurdering eller eksperimentering)

- gruppediskusjonar i tverrfagleg samansette grupper i samband med forelesing

- seminar (fordjupng i tekstar, studentøvingar, bruk av digitale læringsmiddel til vurdering eller eksperimentering)

- refleksjonsnotat (max. 1000 ord der studenten fortel og viser korleis arbeidet med temamodulen har endra tenkinga hans eller hennar)

I tillegg inneheld undervisingsemnet ein innleiande og ein avsluttande modul. Innleiingsmodulen er samansett av ein refleksjonsquiz der studenten reflekterer over tematikken før undervisinga har starta, ei innleiande forelesing der bakgrunn, føremål og arbeidsmåtar på undervisingsemnet vert presentert og ein tverrfagleg gruppediskusjon etter innleiingsforelesinga.

Den avsluttande modulen inneheld eit oppsummeringsseminar med evaluering av undervisingsopplegget og eksamensførebuande arbeid, slik som rettleiing på eksamensoppgåva, enten individuelt eller i grupper

Undervisingstid og arbeidsomfang:

Undervisinga går vøre seg ca. 4-5 veker på ettermiddag/kveldstid slik at ho ikkje skal kollidere med anna undervising

Undervisinga er samansett av ca. 25 undervisingstimar fordelt på forelesinger, gruppediskusjonar og seminar

Arbeid med å ferdigstille eksamensoppgåva går føre seg 1-2 veker etter siste undervisingstime

Obligatorisk undervisningsaktivitet

80 % oppmøte samlet vurdert på undervisningsaktiviteter. Obligatorisk aktivitet (her: oppmøte), er gyldig i eitt semester etter undervisningssemesteret.

Den obligatoriske undervisingsaktiviteten må vere fullført for å kunne gå opp til eksamen i emnet.

Vurderingsformer

I emnet nyttar ein følgjande vurderingsformer:

Eksamensoppgåva er sett saman av skriftleg oppgåve/sluttrapport (3-4000 ord ekskludert forside og litteraturliste) basert på eit utval av refleksjonsnotata. På grunnlag av rubrikkvurderingar og skriftleg tilbakemeldinger omarbeidar og samamstiller studenten refleksjonsnotata sine til ein samanhengande tekst med ei innleiing og kritisk diskusjon.

Hjelpemiddel til eksamen

Ikkje aktuelt

Karakterskala

Bestått/ikkje bestått

Vurderingssemester

Vår eller haust

Litteraturliste

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06 for haustsemesteret og 01.12 for vårsemesteret.

Emneevaluering

Emnet skal vurderast kvart tredje år i tråd med UiB sine retningsliner. Emnet vil også gjøres til gjenstand for forskning og utviklingsarbeid (FoU). Ved bruk av studentbesvarelser til FoU-formål vil det innhentes informert samtykke fra studentene.

Programansvarleg

-

Emneansvarleg

Senter for vitskapsteori

Administrativt ansvarleg

Det humanistiske fakultet v/ Senter for vitskapsteori har det administrative ansvaret for emnet

Kontakt

Kontaktinformasjon

Studierettleiar kan kontaktast her:

post@svt.uib.no