Home
Education
Undergraduate course

Specialization in Cultural History

  • ECTS credits15
  • Teaching semesterSpring
  • Course codeHIK117
  • Number of semesters1
  • LanguageNormalt blir emnet undervist på norsk
  • Resources

ECTS Credits

15

Level of Study

Bachelor

Teaching semester

Vår (emnet vil bli tilbydd når det er ressursar til det)

Objectives and Content

Mål

Emnet tek sikte på å gi studentane fordjuping i aktuelle tema av relevans både for historie og kulturvitskap

Innhald

Instituttet tilbyr normalt undervisning i eitt tema. Fordjupingstema kan skifta, avhengig av undervisningskreftene som er tilgjengelege, og aktuell forsking. Instituttet gir informasjon om kva tema som blir tilbydd, i god tid før undervisningssemesteret.

Emnet kan inngå i ei spesialisering i historie, og er obligatorisk i spesialiseringa i kulturvitskap.

Learning Outcomes

Studenten skal ved avslutta emne ha følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap
Studenten

  • har gode kunnskapar om og kjennskap til sentrale teoriar og debattar innan det valde temaet.
  • kjenner til sentrale metodar og metodespørsmål knytt til relevant forsking.

Ferdigheiter
Studenten

  • kan drøfte aktuelle problemstillinger innafor temaet, samt kritisk vurdere framstillinger i forskingslitteraturen og i studentarbeid.
  • demonstrerer ferdigheiter i å analysere relevante kjelder og litteratur, og kan trekke eigne konklusjonar på grunnlag av dette formidla i skriftleg arbeid.

Generell kompetanse
Studenten

  • kan argumentere og dokumentere akademisk.

Required Previous Knowledge

Ingen

Recommended Previous Knowledge

Gode kunnskapar i engelsk er viktig.

Access to the Course

Emnet er ope for alle studentar med studierett ved Universitetet i Bergen.

Teaching and learning methods

Undervisninga består av normalt tolv førelesingar samt skriftleg rettleiing på oppgåver, jf. avsnitt obligatoriske krav.

Compulsory Assignments and Attendance

Obligatorisk undervisingsaktivitet:

  • 1 skriftleg øvingsoppgåve

Studenten skal undervegs i undervisningssemesteret levere 1 skriftleg øvingsoppgåve, normalt på 1500-2000 ord, som dei får tilbakemelding på.

Oppgåva blir vurdert til godkjend/ikkje godkjend av faglærar som også gir individuell tilbakemelding på kvar enkelt oppgåve. Studentar som ikkje leverer oppgåvs fastsett frist, mistar retten til å gå opp til eksamen.

Oppgåva skal ha tilvisingar i teksten til kjelder og litteratur og liste til slutt over den litteraturen som er nytta.

Godkjende krav er gyldige i undervisnings- og det påfølgjande semesteret

Forms of Assessment

Ein 5-dagars heimeeksamen over oppgitt tema. Oppgåva skal vere på om lag 2000 ord.

Examination Support Material

Alle

Grading Scale

Det vert nytta gradert karakterskala frå A til F, der F er stryk.

Assessment Semester

Vår / haust

Reading List

Litteraturlista vil vere klar innan 01.06. for haustsemesteret og 01.12. for vårsemesteret.

Instituttet utarbeider litteraturliste for emnet på om lag 1200 sider.

Programme Committee

Programstyret har ansvar for fagleg innhald og oppbygging av studiet og for kvaliteten på studieprogrammet og alle emna der.

Course Administrator

Det humanistiske fakultet v/ Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitskap har det administrative ansvaret for emnet og studieprogrammet.