Home
Student Pages
nordplus

Art Academy of Latvia and Department of Design (NORDPLUS - Cirrus)

  • CountryLatvia
  • TownRiga
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeNordplus
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Art Academy of Latvia vart grunnlagt i 1919, på den tida da Republikken Latvia vart danna, og har vore den ledande kunstskulen i Latvia i 100 år. Institusjonen består av fem institutt og avdelingar, som alle har fleire undergreiner: Institutt for visuell kunst, Institutt for biletkunst, avdeling for design, avdeling for audiovisuell mediekunst og Institutt for kunsthistorie. Akademiet ligg i ein nygotisk murbygning på Krišjānis Valdemārs gate, ved sida av National Museum of Art i Riga.

Riga er hovudstad i Latvia, og i likskap med Bergen, ein tidlegare Hansaby. Byen har rundt 700 000 innbyggarar og ligg på ei sandslette mellom ein og ti meter over havet, ved Rigabukta, om lag midt i landet. Etter sovjettida har norske næringslivsaktørar vist iver etter å etablere seg i byen, og franchisekjeder som Narvesen, Rema 1000, Cubus og Dressmann er synlege i bybiletet.

Information