Home
Education
bilateral

MoA

  • CountryGhana
  • TownAccra
  • Exchange programmeBilateral

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Ghana blei grunnlagt i 1948, den gongen som ein del av University of London. Den første rektoren ved universitetet var Ghanas første president etter frigjeringa i 1957, Dr. Kwame Nkrumah. UG har i dag om lag 27 000 studentar, og er dermed det eldste og største av dei fem offentlege universiteta i Ghana. Universitetet har rundt 1500 master- og doktorgradsstudentar og 25 000 bachelorstudentar. Omtrent 700 av studentane ved universitetet er internasjonale.

Både campusen, byen Accra og resten av Ghana er forholdsvis trygt, men som overalt elles, bør ein vere varsam og ta naudsynte forholdsreglar. Ghanesarar flest er veldig hyggelege og tar godt imot internasjonale studentar.

Accommodation

Internasjonale studentar bur i den internasjonale studentheimen på campus. Det er vanleg at to studentar deler rom, vanligvis ein internasjonal student og ein utvald ghanesisk student.Det finns òg nokre få enkeltrom per etasje som ein må søke særskilt om. Kapasiteten på slike rom er knapp. Hyblane er enkle, men inneheld det alt ein treng, inkludert ein skrivepult, takvifte og balkong. Det er felles kjøkken av enkel standard, bad, arbeidsrom og tv-rom. Husleiga er låg, og ligg vanlegvis på rundt 700 USD per semester.Like ved studentbustaden ligg det ein lokal marknad for studentane. Det er gode moglegheiter for aktivitetar i helgar og feriar og kort avstand til fine badestrender.

Semester duration

Det akademiske året er delt opp i to semester. Haustsemesteret varer frå midten av august til midten av desember, og vårsemesteret varer frå byrjinga av februar til slutten av mai.

Information