Home
Student Pages
erasmus+icm

University of Cape Town and Faculty of Psychology (ERASMUS+ICM)

  • CountrySouth Africa
  • TownRondebosch
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor, Master og PhD
  • Exchange programmeErasmus+icm
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

UCT blei grunnlagt i 1829 som The South African College, ein rein guteskule som også hadde tilbod om noko vidaregåande utdanning. Skulen utvikla seg til eit fullverdig universitet i perioden 1880-1900, og er i dag å rekne som det beste universitetet i Afrika. UCT har om lag 25 000 studentar og ein stor andel av desse er internasjonale. Hovudcampus Groote Schuur ligg flott til ved foten av Table Mountain i Cape Town. I tillegg har UCT tre mindre universitetsområde: The Medical School i Observatory, the Hiddingh Campus i The Gardens, og Breakwater Campus i Waterfront-området.

Cape Town har om lag 3 millionar innbyggarar og er hovudstad i provinsen Western Cape og sete for den sørafrikanske nasjonalforsamlinga.

Accommodation

UCT har ikkje kapasitet til å tilby studentbustad på campus til utvekslingsstudentar, men International Academic Programmes Office kan hjelpe til med å finne privat bustad.

Semester duration

Haustsemesteret går frå midten av juli til midten av november. Vårsemesteret går frå midten av februar til midten av juni.

Information