Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Department of Philosophy and University of Santiago de Compostela

  • CountrySpain
  • TownSantiago de Compostela
  • Number of exchange places3
  • Study levelDoktorgradsnivå
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad de Santiago de Compostela er eit offentleg breiddeuniversitet i den autonome regionen Galicía, nordvest i Spania. Universitetet var lenge underlagt den katolske kyrkja, men blei fristilt og tok over mange bygningar frå kyrkja omkring midten av 1500-talet. Universitetet har i dag meir enn 45 000 studentar og er fordelt på to campusar. Den eine ligg i Santiago de Compostela, den andre i nabobyen Lugo.

Santiago de Compostela har om lag 100 000 innbyggarar og er best kjent for å vere byen der apostelen Jakob er gravlagd. Både byen og den mykje brukte pilegrimsvegen hit står på UNESCO si verdsarvliste og tydinga av bynamnet er «St. Jakob i Stjernens Egn». Lugo ligg ti mil unna Santiago og har om lag 90 000 innbyggarar. Denne byen er kjent for den romerske muren som omkrinsar gamlebyen, som også er oppført på verdsarvlista.

Accommodation

Universitetet administrerer i alt seks studentbustadkompleks som er opne for søknadar frå internasjonale studentar. Det er òg mogleg å leige bustad på den private marknaden.

Semester duration

September - januar og januar - juni.

Information