Home
Student Pages
bilateral

University of Stellenbosch and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountrySouth Africa
  • TownMatieland
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Stellenbosch er eit middels stort universitet med 18 000 studentar fordelte på fire campusar (Stellenbosch, Tyberg, Bellville Park og Saldanha). Ein tredjedel er studentar på høgare grad. Om lag 1500 er internasjonale studentar. Studentsenteret The Nelsie er ein naturleg samlingsstad for utanomfaglege studentaktivitetar. Huset rommar ei rekke små restaurantar, ein kaffibar, ein pub, to kinoar, danserom, postkontor, bankar, fax- og kopisenter og ein bokhandel. Elles disponerer universitetet to sportsarenaer, to store symjebasseng og treningsstudio. Universitetet har òg eit stort og moderne bibliotek som er knytt til fem andre akademiske bibliotek i Western Cape-provinsen. På universitetet finn du fleire PC-stover. Ein kan òg få tilgang til internett frå romma på studentheimane. Ein kan velje mellom 40 ulike kulturelle, sportslige, religiøse og politiske klubbar og studentsamfunn. Det finst i tillegg ei eiga studentavis, studentradio og andre magasin som blir publiserte av studentane.

Stellenbosch er ein universitetsby med om lag 60 000 innbyggarar. Byen ligg berre 50 kilometer utanfor Cape Town og 30 kilometer frå den internasjonale flyplassen. Området er kanskje best kjend som vindistrikt, med over 100 ulike vingardar. Stellenbosch er elles ein triveleg by, med historiske kvite Cape-Hollandske bygningar og fleire parkar og hagar. Stellenbosch er eit aktivt kultursentrum med små, spanande kunstgalleri plassert rundt om i heile byen. Dei har eit breitt tilbod av konsertarrangement og teater. Kvart år vert ein lokal mat- og vinfestival arrangert. Området Western Cape ligg i har eit behageleg middelhavsklima. Om sommaren (desember-februar) kan det vere nokså varmt og tørt, med temperaturar frå 25-35°C. Om vinteren (juni-august) er det kjøligare, og det regnar meir. Temperaturane ligg då mellom 6-19°C. Om våren (september-november) er det mildt og varmt, med temperaturar frå 19-24°C og om hausten skin sola mykje, og temperaturane ligg mellom 16-25°C. Berre ein halv times køyretur unna finn ein flotte strender.

Accommodation

Meir enn ein tredel av studentane bur på campus. Internasjonale studentar bur vanlegvis i studentheimen Concordia, eller dei kan leige eit rom i den nyutvikla studentbyen Academia. Å leige privat bustad i Stellenbosch er eit anna alternativ. Det internasjonale kontoret ved ved universitetet vil vere til hjelp med å finne bustad.

Semester duration

Det akademiske året går frå byrjinga av februar til midten av desember. Det første semesteret tek til i byrjinga av februar og varer til slutten av juni. Det andre semesteret tek til i midten av juli, etter 3 vekers vinterferie, og sluttar i midten av desember. Studentar som vil følge språkkurset i afrikaans må rekne med å kome til Stellebosch om lag ein månad før semesterstart, rundt 10. januar før vårsemesteret og 20. juni før haustsemesteret.

Fin bygning og flotte fjell
Photo:
© University of Stellenbosch

Information