Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Faculty of Law and Carlo Cattaneo University -LIUC

  • CountryItaly
  • TownCastellanza
  • Number of exchange places3
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Università Carlo Cattaneo er eit lite, privat universitet i den nord-italienske byen Castellanza. Det blei grunnlagt i 1991 som eit fellesprosjekt mellom italienske selskap i provinsen Varese, og har framleis tette band til næringslivet. Det er organisert i tre fakultet, som dekkjer fagområde for forretning og økonomi, forretningsjus og utviklingsleiing. Universitetet er kalla opp etter Carlo Cattaneo, ein forfattar og tenkar frå Milano, som stod i front under Italia sin fridomskamp. Campus ligg i eit bomullsspinneri frå 1800-talet, restaurert av den verdskjende arkitekten Aldo Rossi, og er omgitt av eit stort parkområde.

Castellanza har 15 000 innbyggarar og ligg ein halvtimes togtur unna Milano. Alpane ligg som eit bakteppe i landskapet, og provinsen Varese har heile 23 000 produksjons- og handverksføretak, som gir arbeid til om lag 175 000 menneske.

Accommodation

Universitetet har eigne studentbustader på campus. Utvekslingsstudentar kan sende søknad om bustad via universitetet sitt internasjonale kontor.

Semester duration

September - januar og februar - juni.

Grøn campus
Photo:
© Università Carlo Cattaneo

Information