Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Department of Biological Sciences and University of Ancona

  • CountryItaly
  • TownAncona
  • Number of exchange places3
  • Study levelBachelor, Master og PhD
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Universitetet ligg i byen Ancona, og tilbyr studium i landbruk, økonomi, ingeniørfag, medisin og biologi. Det har om lag 17 000 studentar. Campus er delt i tre, med ein hovudcampus i Ancona sentrum og to mindre campusar i Monte D¿Ago og Torrette, litt utanfor byen. Universitetet har òg eit stort sportsanlegg og ein botanisk hage.

Ancona ligg sentralt i Italia, i regionen Marche ved Adriaterhavet. Julius Cæsar overtok byen rett etter at han hadde kryssa elva Rubicon i år 59 f.v.t., og hamnebyen her var særs viktig i romersk keisartid. Ancona har litt over 100 000 innbyggarar. Fotballspelaren Lionel Messi sin stamfar emigrerte herfrå til Argentina i 1880-åra.

Accommodation

Det finst studentbustader forskjellige stader i byen, som er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Bustadsøknaden kan leverast via universitetet sitt internasjonale kontor. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden om ein er ute i god tid.

Semester duration

September - januar og februar - juni.

Information