Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Faculty of Law and University of Córdoba

  • CountrySpain
  • TownCórdoba
  • Number of exchange places2
  • Study levelBachelor, Master og PhD
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad de Còrboba blei grunnlagt i 1972 som arvtakar til eit eldre universitet i byen. Det er eit offentleg breiddeuniversitet, med ti fakultet og rundt 16 000 studentar. Universitetet sine bygningar er fordelte på fire campusar, som ligg i og rundt byen. Det engelskspråklege fagtilbodet er marginalt.

Córdoba er ein mellomstor by med rundt 350 000 innbyggarar, og ligg sør i Spania i den autonome regionen Andalucia. Byen var hovudsete for Còrdoba-kalifatet, som styrte nesten heile den Iberiske halvøya på siste halvdel av 900-talet. Historiske kjelder tyder på at han den gongen talde nesten ein halv million innbyggarar, og dermed sannsynlegvis var den største byen i verda.

Accommodation

Universitetet har ei ordning for å hjelpe tilreisande Erasmus-studentar med å finne bustad. Det finst både offentlege og private studentbustader i Corboda, og det er relativt vanleg at måltid er inkludert i husleiga. Det er òg mogleg å leige rom hos ein spansk vertsfamilie, eller finne bustad på den private markanden. Universitetet hjelper med informasjon.

Semester duration

September - januar og februar - juni.

Flott bygning
Photo:
© Universidad de Córdoba

Information