Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between The Grieg Academy - Department of Music and Royal Northern College of Music

  • CountryUnited Kingdom
  • TownManchester
  • Number of exchange places1
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Royal Northern College of Music (RNCM) er eit musikkonservatorium som blei grunnlagd i 1973, då Northern School of Music og Royal Manchester College of Music slo seg saman. Konservatoriet har i underkant av 800 studentar og er delt inn i fem skular: «Komposisjon», «keyboard-studium», «strykarar», «vokalstudium» og «blåsarar, brass og perkusjon». Det ligg i Manchester sentrum.

Manchester er ein by i Nordvest-England, og har over ein halv million innbyggarar, medan Stor-Manchester har heile 2,5 millionar innbyggarar. Byen var ein av dei leiande byane under den industrielle revolusjon, og er i dag blant anna kjend som ein medieby. Manchester har òg eit rikt musikkmiljø. Han har to symfoniorkester og eit kammerorkester, og har fostra band som Joy Division, Oasis og The Smiths.

Accommodation

Universitetet garanterer bustad like ved skulen til alle nye studentar. Her er det lov å øve på romma mellom klokka ni om morgonen og ni om kvelden. For dei som ønsker å bu privat, har universitetet avtale med ein bustadformidlar.

Semester duration

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - mars og april - juli.

Flott bygning
Photo:
© Royal Northern College of Music

Information