Makerere University and University of Bergen (BILATERAL)
- CountryUganda
- TownKampala
- Exchange programmeBilateral
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Makerere University er Ugandas fremste universitet og ein av dei største utdanningsinstitusjonane i Aust- og Sentral-Afrika. Denne avtalen eignar seg særleg for UiB-studentar som interesserer seg for afrikanske forhold og ønsker å utveksle til eit land i Afrika. Universitetet ligg på Makerere Hill i Ugandas hovudstad Kampala. Hovudcampusen ligg omtrent fem kilometer nord for sentrum og dekkker eit areal på sirka to kvadratkilometer.
Studiar ved Makerere og eit opphold i Kampala er en flott måte å verte kjend med eit vakkert og gjestmildt, men fattig afrikansk land. Kampala er den største byen i Uganda, med 1,2 millioner innbyggarar. Byen ligg ved Lake Victorias nordlege breidd, 1310 moh. Kampala er vanlegvis ein fredeleg by og skal vere ein av de tryggaste hovudstadane i Afrika. Det er sjølvsagt viktig å følge lovar og reglar overalt og til kvar ei tid, og å følge lokale system, skikkar og reaksjonsmønstre, både i universitetskvardagen og i Uganda.I tillegg til den spennande hovudstaden Kampala finst det fleire store nasjonalparkar og andre attraksjonar i den sørlige delen av landet som det går an å besøke i løpet av opphaldet.
Før du reiser blir du informert om kva forholdsreglar du lyt ta som student i Kampala. Ein rådast for eksempel til å halde seg unna politiske møte, demonstrasjonar og andre samlingar av opprørte menneske. I tillegg bør ein vere varsam med kor ein oppheld seg, særleg etter at det har blitt mørkt om kveldane. Det viktigaste ein elles gjer er å vere merksam på den kaotiske og farlege trafikken og å velje dei sikraste framkomstmidla.
Det har i mange år vore krigs- og terrorverksemd i den nordlege delen av Uganda, men dei fleste områda i sør, søraust og vest er trygge. Følg reiseråd frå utanriksdepartementet og den norske ambassaden i Kampala.
Accommodation
UiB-studentar vil få tilbod om bustad i nærheten av campus. Sikkerheita på bustadane skal være god, og kvaliteten langt bedre enn for den jamne ugandiske student. Dei siste åra har UiB-studentar fått bo på Akamwesi Hostel i gångavstand frå campus. På Akamwesi får man eit enkeltrom med bad og toalett og felles kjøkken av enkel standard.
Semester duration
Det akademiske året ved Makerere er delt opp i to semester. Haustsemesteret startar tredje veka i august og sluttar i tredje veka i desember (17 veker). Vårsemesteret byrjer i siste veka i januar eller første veka i februar og varer i 17 veker, til siste veka i mai eller første veka i juni.
Information
- Homepagehttp://mak.ac.ug/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7701
- Subject nameAlle fag