Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and University of Washington

  • CountryUSA
  • TownSeattle
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Washington (UW) i Seattle vert grunnlagt i 1861 og er den eldste offentlege utdanningsinstitusjonen på USAs vestkyst. Universitetet er stort og har et allsidig og fagleg sterkt tilbod. Spesielt merker man nærværet av fleire større IT-bedriftar, og at universitetet er langt framme når det gjeld IKT generelt og computer science-studier spesielt. UW reknast som eit svært godt universitet og blant dei beste på vestkysten. Samstundes er Seattle ein spennande by å bu i, med fantastisk natur og friluftsmoglegheiter i nærområdet. Skulen er statleg og reknast som Washingtons "flaggskip"-universitet.

Universitetsområdet ligg ca. 5 km nordaust for sentrum, mellom innsjøane Washington og Union, i eit av byens bedre bustadsområder. Området er 703 acres stort. University of Washingtons andre universitetsområder ligg i Tacoma (1500 studentar) og Botchell (1300). I tillegg har man Washington State University, med tre avdelinger, og 4 andre statlege fire-årige institusjonar i Washington.

Ved UW er det ca. 35.000 studentar (som inkluderer ca. 10.000 studentar på høgaregradsnivå). 90 % av lågaregradsstudentane kjem frå staten Washington. Av dei ca. 2500 utenlandsstudentane frå meir enn 100 land kjem dei fleste frå Asia. UW har 9 internat og 4 leilighetskompleks (ca. 15 % av lågaregradsstudentane bur på studentheim). Det finns også 44 fraternities og sororities (sosiale klubber) som huser ca. 3000 lågaregradsstudentar. I tillegg til eit allsidig idrettstilbod (NCAA Divison 1, spesielt god på amerikansk fotball), finns det meir enn 450 studentorganisasjonar og kulturgrupper på universitetet (34 av dei er internasjonale kulturelle studentorganisasjonar). Skulens hovudbibliotek er eit av USAs styrste universitetsbibliotek og har meir enn 6 millionar bøker. I tillegg finns det 17 andre mindre fagbibliotek.

I 2000 mottok UW $650 millionar i offentleg og privat støtte og gjennom forskningskontraktar. Universitetet var i 1998 nr. 2 (etter John Hopkins University) når det gjeld føderal støtte til forskning. Det finns meir enn 160 forskningsinstitutt og -sentre ved universitetet.

UW har tradisjonelt hatt gode forbindelsar med Noreg, både på student- og undervisningsnivå. Det kan nevnast at det i 1999 var 20-års-jubileum for eit svært vellykka utvekslingsprogram for professorar mellom UW og Universitetet i Bergen (som er blitt utvida til også å gjelde studentar).

Seattle har ca. 563 000 innbyggjarar (stor-Seattle har 3,2 millionar). Byen, som ligg midt i staten Washington, ved Pudget Sound, har mykkje å by på både av kultur og friluftsliv, med nærleik til sjø og fjell. Seattle har også et levande skandinavisk miljø i bydelen Ballard. Klimaet er prega av flotte somrar og milde vintrar, og det regner faktisk mindre i Seattle enn i New York.

Accommodation

University of Washington kan tilby bustad på campus. Dersom du ynskjer å bu off-campus, kan universitetet hjelpe deg med å finne bustad. Kontakt Student Housing Affairs Office: http://housing.asuw.org/

Semester duration

Ver merksam på at semesterinndelinga ved UW er annerledes enn ved UiB. Studieåret er delt inn i 3 quarters og dette innebærer at semestra ved UW vil gje ulik uttelling hos oss: Vårt høstsemester består av 1 quarter ved UW (okt-des), og hvis en tar et fulltidsstudium på 15 credits dette semesteret vil det gi uttelling for 20 norske studiepoeng. Vårt vårsemester består derimot av 2 quarters ved UW (jan-mars + mars-juni), og det vil kunne gi 15 + 15 credits, og dermed 40 norske studiepoeng.

Det vil difor vere mest hensiktsmessing å studere eit helt studieår ved UW, eller velje utveksling i vårsemesteret, framfor å berre reise ut i høstsemesteret.

Information