Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and Pontifical Catholic University of Ecuador

  • CountryEcuador
  • TownQuito
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Pontificia Universidad Católica del Ecuador (PUCE) vart oppretta i 1946 og er eit anerkjent privat og katolsk universitet. Hovudcampus ligg i sentrum av Quito, der om lag 10 000 studentar held til. Campus ligg i gangavstand frå det nye sentrum av byen, lett tilgjengeleg med buss eller taxi frå andre bydelar.

Quito har rundt 1,5 millionar innbyggarar, er kjent for å være ein vakker by. Han ligg 2850 meter over havet og berre 22 kilometer sør for ekvator, omkransa av høge fjell på alle kantar. Dette gjev eit mildt og behageleg klima året rundt. Byen er ein av dei sør-amerikanske hovudstadane som best har bevart gammal bygningsmasse og har mange skattar frå kolonitida. Som i dei fleste latinamerikanske storbyar er ikkje alle delane av Quito like trygge, men så lenge ein tek dei nødvendige forholdsreglane, er ein på nokså trygg grunn.

Accommodation

PUCE kan formidle bustad hos ein ecuadoriansk vertsfamilie, noko som kan vere ein veldig fin måte å bli kjent med kultur og familie- og kvardagsliv. Dette er relativt rimeleg og inkluderer som regel også kost. Det er òg gode moglegheiter for å finne leilegheit eller rom til leige på den private marknaden, for ein mykje lågare pris enn vi er vant med å betale her heime.

Semester duration

Ausgust - desember og januar - juni.

Information