Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and University of Antioquía

  • CountryColombia
  • TownMedellín
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Universidad de Antioquia (UdeA) vart grunnlagt i 1803 og er eit offentleg universitet som er rekna som det tredje beste i landet og nummer 23 i Latin-Amerika. UdeA er mellom anna rekna for å ha den beste medisinutdanninga i Colombia. Universitetet har i dag 37.000 studentar, og dei fleste av dei studerer på campus i Medellin. Som offentleg universitet har UdeA ein studentmasse som er rekruttert frå eit breiare lag av folket enn dei private universiteta i byen. Dette gjer at universitetet i alle år har hatt ein aktiv studentbevegelse og studentar som er kjent for å stå på barrikadane. Eit resultat av dette er også at universitetet har vore utsatt for streikar både frå studentar og tilsette, noko som kan stoppe all undervisning i opptil eit semester.

Medellin er Colombias nest største by med 2,3 millionar innbyggarar. Byen ligg på 1500 moh og har eit behageleg klima. Byen har lenge vore kjent for kriminalitet og uro, og det er framleis grunn til stor varsemd når ein forflyttar seg i deler av byen. Samstundes er byen og regionen kjent for sine venlege og gjestfrie folk.

Accommodation

UdeA har ikkje kapasitet til å tilby studentbustad til utvekslingsstudentar, men Internasjonalt kontor kan formidle kontakt med ulike studenthus og pensjonat eller hos private familiar.

Semester duration

Semester 1 går frå midten av februar til slutten av juni. Semester 2 går frå slutten av juli til byrjinga av desember.

Campus fra luften
Photo:
© Universidad de Antioquía

Information