Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between Faculty of Humanities and University of Southampton

  • CountryUnited Kingdom
  • TownSouthampton
  • Number of exchange places8
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Southampton er eit offentleg breiddeuniversitet med røter tilbake til 1862. Det er delt inn i åtte fakultet og har om lag 23 000 studentar. Av desse er rundt 5000 internasjonale studentar. Hovudcampusen ligg i bydelen Highfield. I tillegg til denne, og tre andre campusar i sentrum, har universitetet ei avdeling for kunstfag nær Winchester og ei avdeling for ingeniørfag i Malaysia.

Southampton er den største byen i Hampshire, og ligg på kysten, ein times reise sør for London. Her bur om lag 250 000 menneske. I området South Hampshire, som omfattar området kring Portsmouth og Southampton, bur det heile 1,5 millionar menneske. I vikingtida var byen ei viktig handelshamn. Etter kvart blei det òg ei viktig importhamn. Titanic si første og siste reise starta i Southampton 10. april 1912.

Accommodation

Universitetet har fleire studentbustader som Erasmus-studentar kan søke om plass på. Bustadkontoret hjelper òg studentar som ønsker å finne bustad på den private marknaden.

Semester duration

September - januar og februar - juni.

Grøn campus
Photo:
© University of Southampton

Information