Home
Education
erasmus+

Erasmus+ between Faculty of Medicine and University of East Anglia

  • CountryUnited Kingdom
  • TownNorwich
  • Number of exchange places3
  • Study levelBachelor
  • Exchange programmeErasmus+
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of East Anglia er eit forskingsuniversitet i Norwich, grunnlagt i 1963. Universitetet er anerkjent internasjonalt, og scorar òg høgt når det kjem til fornøgde studentar. Det har fire fakultet; humaniora og kunstfag, samfunnsvitskap, naturvitskap og medisin og helsevitskap. Universitetet har sidan 1991 arrangert ein årleg litteraturfestival. Campus ligg like utanfor Norwich sentrum.

Norwich er administrasjonsby i grevskapet Norfolk, som ligg 18 mil nordaust for London. På 1000-talet var byen den nest største i England. I dag har sjølve han om lag 140 000 innbyggarar. Norwich er delt i to av elva Wensum.

Accommodation

Erasmus-studentar kan søke om studentbustad ved universitetet. Studentunionen ved UEA har ei bustadsformidlingsteneste for studentar som ønsker å leige på den private marknaden.

Semester duration

Semesterinndelinga varierer etter studieprogram, men standardinndelinga er i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - april og april - juni.

Grøn campus
Photo:
© University of East Anglia

Information