Home
Student Pages
bilateral

National Research University - Higher School of Economics and Faculty of Law (BILATERAL - 3. og 5. studieår)

  • CountryRussia
  • Number of exchange places5
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Higher School of Economics (HSE) blei grunnlagt i 1992 og fekk status som nasjonalt forskingsuniversitet i 2009. HSE er blant dei mest anerkjende og mest internasjonalt orienterte universiteta i Russland og har om lag 40 000 studentar. Universitetet har campusar i fire ulike byar i Russland. Avtala som er inngått for heile UiB gjeld utveksling til St. Petersburg, medan avtala som er inngått av Det juridiske fakultet gjeld utveksling til Moskva.

St. Petersburg eller Sankt Petersburg er den nest største byen i Russland. Byen vart grunnlagt i 1703 og vart hovudstad i Det russiske imperiet i meir enn 200 år. Byen har i dag kring 5 millionar innbyggjarar og er eit stort kultursenter i Europa.

St. Petersburg vert ofte skildra som den mest vestlege byen i Russland. St. Petersburg er den nordlegaste millionbyen i verda. Det historiske sentrumet i byen er innskrive på verdsarvlista til UNESCO. Som det politiske og kulturelle senteret i Russland i meir enn 200 år har byen stundom i Russland vorte kalla «den nordlege hovudstaden». Mange utanlandske konsulat, internasjonale selskap, bankar og andre føretak held til i St. Petersburg. Blant byens mest kjende turistattraksjonar er Eremitasjen, Vinterpalasset, Nevskij prospekt, Oppstodekyrkja og Aleksandr Nevskij-klosteret.

 

Moskva er dagens hovudstad i Russland og utgjer det politiske, økonomiske, kulturelle og vitskaplege sentrumet både i Russland og Aust-Europa. I sentrum av Moskva finn ein Den raude plass som er utgangspunkt for dei breie gatene som går ut i alle retningar. Gjennom sentrum av byen renn Moskvaelva. Blant byens mest kjende bygningar er Vasilijkatedralen, Lenins mausoleum, Kreml og Bolsjojteateret. Metroen i Moskva er eit av verdas travlaste undergrunnssystem, og kjent verda over for å vere punktleg i drift. Mange av metrostasjonane er kunstferdig utsmykka og ei reise med metropen er dermed ei oppleving i seg sjølv.

Accommodation

Universitetet kan tilby studentbustader til sine internasjonale studentar. Det er i hovudsak snakk om dobbeltrom.

Semester duration

September - desember og januar - juni.

Information