Home
Education
nordplus

Medicin i Norden

  • CountryFinland
  • TownHelsingin yliopisto
  • Exchange programmeNordplus
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Helsinki blei grunnlagd under stormaktstida i 1640, og er det eldste universitetet i Finland. Dei 36 000 studentane er fordelte på fire campusar, som ligg i og i utkanten av Helsinki sentrum. Universitetet er tospråkleg, med undervisning på både finsk og svensk. Dette i tillegg til det engelskspråklege emnetilbodet. Studentforeininga ved universitetet blei oppretta i 1868, og er ei av dei rikaste studentforeiningane i verda.

Helsinki, kalla Helsingfors på svensk, er hovudstaden i Finland og har rundt 600 000 innbyggarar. Byen ligg sør i landet ved Finskebukta, og har ei strandlinje på 98 kilometer. Delar av bysentrum ligg på ei halvøy. Både kostnadsnivået og levestandarden er relativt høg i Helsinki.

Accommodation

Universitetet har ingen eigne bustader for internasjonale studentar og advarer om at det kan vere stor press på den private marknaden rundt semesterstart. Det er mogleg å søke om studentbustad gjennom HOAS, (Foundation for Student Housing in the Helsinki region). Både studentforeininga og universitetetet hjelper med informasjon om korleis ein går fram for å finne bustad privat.

Semester duration

August - desember og januar - mai.

Information