Home
Student Pages
nordplus

Estonian Academy of Music and Theatre and The Grieg Academy - Department of Music (NORDPLUS - Sibelius)

  • CountryEstonia
  • TownTallinn
  • Exchange programmeNordplus
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Estonian Academy of Music and Theatre (EAMT) er eit offentleg universitet som spesialiserer seg på musikk og teater i Estland. Forgjengaren til universitetet, Tallinn Higher Music School, vart opna i 1919. Med om lag 700 studentar er dette det minste blant seks offentlege universitet og institusjonar for høgare utdanning i Estland, men kan likevel jamstillast internasjonalt med mellomstore musikk- og teaterakademi. Akademiet er delt inn i fire avdelingar der studentane kan spesialisere seg i alle hovudfelt innan musikk og teater på bachelor-, master- og doktorgradsnivå – i alt frå orgel til jazz og tradisjonell musikk.

Tallinn er hovudstad i Estland og ligg i den nordlege delen av landet. Tallinn fekk bystatus i 1248 og har blitt ein populær by for internasjonale studentar. Denne byen har om lag 400 000 innbyggarar og er rekna for å vere utdannings- og forskingssenteret i Estland. Gamlebyen i Tallin er på UNESCO si verdsarvsliste og er ein populær turistattraksjon.

Information