Home
Education
nordplus

NOREK Nordplusnettverk i økonomi

  • CountrySweden
  • TownGöteborg
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeNordplus

Om lærestaden

About the institution and the city

Göteborgs universitet blei etablert i 1891, og har i dag om lag 37 000 studentar fordelte på åtte fakultet. Fleire av fakulteta har tidlegare vore sjølvstendige utdanningsinstitusjonar. Dette gjeld for eksempel fakulteta Handelshögskolan og Sahlgrenska akademin. Sistnemnde rommar sjukepleie-, medisin- og odontologiutdanningar, og er samlokalisert med Sahlgrenska Universitetssjukhuset.

Gøteborg er Sveriges nest største by med om lag 550 000 innbyggarar. Han ligg på vestkysten sør i landet, der elva Gøta renn ut i Kattegat. Gøteborg blir stundom omtalt som Lille London fordi engelskmenn var viktige for industrialiseringa her på 1800-talet. I tillegg til meir klassiske kulturtilbod husar byen tilbod som moroparken Liseberg og Nordens største kjøpesenter, Nordstrand.

Accommodation

Universitetet har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for bilaterale studentar og studentar på Erasmus-programmet. Nordplus-/ Nordys-studentar må sjølve ordne med bustad. Presset på bustadmarknaden kan vere stort rundt semesterstart, så det løner seg å vere ute i god tid.

Semester duration

September - januar og januar - juni.

Information