Home
Education
nordplus

Nettverk i psykologi

  • CountryDenmark
  • TownAarhus
  • Exchange programmeNordplus
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Aarhus Universitet blei grunnlagt i 1928, og har i dag litt over 40 000 studentar fordelte på dei fire hovudgreinene «Arts», «Health», «Science and Technology» og «School of Business and Social Sciences». Universitetet fokuserer blant anna på innovasjon og næringslivssamarbeid i regionen. Det har campusar i Herning, Silkeborg og Emdrup, i tillegg til hovudcampusen i Århus.

Århus ligg midt på Jyllands austkyst og er Danmarks nest største by med 325 000 innbyggarar. Byen er ein utprega studentby med rikt kulturliv, mange uteplassar, kaféar og scener. Namnet kjem av ei gamal genitivform av «å», og det ikkje lengre brukte ordet «os» som samanstilt tyder "elveutløp". Den same forma finst òg i fleire andre gamle bynamn, som Nidaros og Västeros.

Accommodation

Universitetet har eit eige senter for internasjonale studentar som formidlar rom og leilegheiter ved dei ulike campusane. Det er òg mogleg å finne bustad på den private marknaden i Århus.

Semester duration

August - januar og februar - juni.

Information