Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between Faculty of Medicine and University of Newcastle

  • CountryAustralia
  • TownCallaghan
  • Number of exchange places4
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Newcastle (UON) vart grunnlagt i 1965. Universitetet er blant dei ti fremste forskingsuniversiteta i Australia og satsar stort på innovative undervisningsmetodar og problembasert læring. University of Newcastle har omlag 20.000 studentar. Universitetet har fleire campusar, med hovudcampus i Callaghan, som ligg 12 km frå Newcastle.

Medisinstudiet ved University of Newcastle er eit ¿Joint Medical Programme¿ der dei samarbeider med ein rekke «teaching hospitals» og «clinical schools». Dei samarbeider òg med University of New England. Medisinsstudentar frå UiB har undervising og praksis ved Hunter Clinical School i Newcastle, som er det største av i alt fem «clinical schools» ved medisinstudiet i Newcastle. Hunter Clinical School består av desse sjukehusa: John Hunter Hospital/Royal Newcastle Centre, John Hunter Children's Hospital, Calvary Mater Newcastle Hospital, Belmont District Hospital og the Maitland Hospital.

Byen Newcastle har omlag 350.000 innbyggarar og er ein hamneby ca. to timar nord for Sydney. Newcastle er den nest eldste byen i Australia, med rik arkitektur og flotte strender. Det kjente vindistriktet Hunter Valley ligg omlag ein time køyretur unna.

Accommodation

Utvekslingsstudentar kan få tilbod om bustad på eller utanfor campus. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om studentbustader

Semester duration

Januar - juni og juni - november

Kystlinje
Photo:
© University of Newcastle

Information