Home
Education
bilateral

Bilaterale avt ink joint degree between University of Bergen and Charles Darwin University

  • CountryAustralia
  • TownDarwin
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Charles Darwin University (CDU) er eit forskingsintensivt breiddeuniversitet med om lag 22 000 studentar. Ein stor del av desse er fjernstudentar eller deltidsstudentar, så den faktiske studentmassen på campus er forholdsvis liten. Universitetet vart grunnlagt i 2003, etter ein fusjon mellom Northern Territory University, The Menzies School of Health and Research og Centralian College, og hovudcampus er i Darwin i delstaten Northern Territory. Innan forsking har universitetet hovudfokus på to relativt breie område; Environment and Livelyhoods og Human Health and Wellbeing.

Med sine om lag 150 000 innbyggarar er Darwin hovudstaden i delstaten Northern Territory, altså heilt nord i Australia. Byen vert ofte omtala som Gateway to Asia, og ligg nærare fem andre hovudstader enn den australske hovudstaden. Klimaet er tropisk, noko som inneber stabile temperaturar året gjennom. Ein skil mellom "dry season" frå mai til september og "wet season", der det meste av regnet kjem mellom desember og mars.

Accommodation

Via nettsidene til CDU kan ein finne informasjon om og søke om bustad på campus. Ein kan også få råd og hjelp til å finne bustad utanfor campus, dersom det er det ein ønsker.

Semester duration

Semester 1 er frå slutten av februar til slutten av juni. Semester 2 er frå slutten av juli til slutten av november.

Par badar i kulp
Photo:
© Charles Darwin University

Information