Home
Student Pages
nordplus

The Royal Danish Academy of Fine Arts, Schools of Architecture, Design and Cons and Department of Design (NORDPLUS - Cirrus)

  • CountryDenmark
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeNordplus
  • Exchange duration1-2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

Det kongelege Danske kunstakademis skoler for arkitektur, design og konservering (KADK) er Nordens førande akademi innanfor arkitektur, design og konservering. KADK vart danna i 2011 som ein fusjon mellom Kunstakademiets Arkitektskole, Danmarks Designskole og Kunstakademiets Konservatorskole. KADK har i dag rundt 2000 studentar fordelt på sju institutt. Fleire kjende designarar er utdanna ved skulen, mellom anna Arne Jacobsen som er utdanna ved arkitektskulen og Hans Wegner som er utdanna ved designskulen. Arkitektskulen vart i 2013 kåra til Europas nest beste arkitektskule.

København ligg på øyane Sjælland og Amager ved Øresund, ein halvtimes togtur frå Sverige og halvannan times flytur frå Bergen. I storbyområdet København bur det om lag 1,2 millionar menneske. Dei kan glede seg over å bu i det som fleire gongar har blitt kåra til verdas beste by å bu i, og som elles er kjend for verdsleiande gastronomi, den liberale fristaden Christiania og ivrige syklistar.

Information