Home
Student Pages
nordplus

Designskolen Kolding and Department of Design (NORDPLUS - Cirrus)

  • CountryDenmark
  • TownKolding
  • Study levelBachelor og Master
  • Exchange programmeNordplus
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

Designskolen Kolding har ei historie som strekk seg tilbake til 1970-talet. Designskolen Kolding tilbyr bachelor- og mastergrader i design og har om lag 340 studentar. Skulen er kjend for si innovative designutdanning og eit internasjonalt studiemiljø. Skulen sine studentar deltar i mange internasjonale konkurransar. Sidan 2012 har Designskolen Kolding stilt ut på verdas leiande designmesse Il Salone i Milano.

Kolding er ein hamneby i Sydjylland i Danmark. Her bur det omkring 58 000 menneske. Kolding blir omtalt som ein av Danmarks venlegaste byar. Byen byr på vakre gamle bygningar og middelalderborga Koldinghus, Jyllands siste kongeborg. Ein storbrann i 1808 la borga i ruinar, men mange års restaurering har gjort staden til eit flott senter for kunst. I Kolding ligg Trapholt, eit velrenommert museum der det er samla både bildekunst, kunsthandverk, designprodukt og møbeldesign, med utstillingar av både internasjonale og danske kunstnarar.

Information