Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Refusjon av utlegg (personfaktura)

Utgifter som skal dekkast av instituttet, skal først klarerast med administrasjonssjefen.

Deretter skal vara eller tenesta bestillast inn gjennom instituttet. Anne Hestnes er bestiller ved instituttet. Ta kontakt med henne, så hjelper ho med tinging og innkjøp. 

Det finst likevel nokre unntak der instituttet ikkje kan bestilla inn ei vare eller teneste, slik at du må leggja ut sjølv i første omgang og så få pengane att etterpå. Dette kan t.d. gjelda ved visse bokinnkjøp som ikkje går gjennom Akademika, eller visse utgifter til representasjon. I desse unntakstilfella må du gå til personalportalen (PagaWeb) og fylla ut skjemaet "Refusjon av utlegg". Skjemaet ligg på same plass som reiserekningsskjemaet.

Når det gjeld fakturaar som blir sende beinveges frå leverandøren til universitetet, sjå faktura.