Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Undervisingsrekneskapen ved instituttet

Retningsliner for bruk av undervisningsrekneskapen ved Institutt for framandspråk

(vedtekne av instituttrådet 16. mai 2012, justerte av rådet 13. november 2013)

 

1. Undervisningsrekneskap skal i første rekkje brukast (a) for å ivareta forskingstid for den enkelte, (b) for å oppnå ei mest mogleg rettferdig fordeling mellom dei tilsette og (c) for å dimensjonere undervisninga i faga.

 

2. Instituttleiar vil ha medarbeidarsamtalar og også vurdera ekstra forskingstermin for dei som har høgast overskot frå tida før hausten 2007. Deretter vil oppsamla pluss- og minustid frå tida før hausten 2007 bli stroken for alle.

 

3. Det vil ofte bli svingingar frå semester til semester, men det bør leggjast vekt på at medarbeidarane skal ha ein “tilnærma balanse”, slik at dei ikkje får eit oppsamla avvik som er større enn eitt semesters undervisnings- og administrasjonsplikt (dvs. 458 timar justert for alder).

 

4. Dersom ein går utover grensa for tilnærma balanse, vil dette bli tatt opp i den årlege medarbeidarsamtalen. Instituttleiar og medarbeidar skal i fellesskap leggja ein plan for å redusera arbeidsoppgåvene, og det skal etablerast tilnærma balanse seinast to semester etter medarbeidarsamtalen.

 

5. Nokre medarbeidarar har i perioden frå 2007 og framover allereie samla opp så stort plusstimetal at det vil vera vanskeleg å oppnå tilnærma balanse gjennom reduksjonar i undervisningsoppgåvene. Her kan det bli aktuelt med ekstraordinær forskingstermin. Instituttleiar vil drøfta dette i samtalar med dei det gjeld. Etter ekstraordinær forskingstermin vil plusstimetalet bli justert til tilnærma balanse, uansett utgangspunkt.

 

6. Undervisningsrekneskapen vil bli brukt som éin faktor (mellom andre) ved vurdering av søknader om forskingspermisjon.

 

7. Under forskingsterminar og frikjøp vil det bli lagt eit tak som svarar til ti prosent av undervisnings- og administrasjonstida for rettleiing, undervisning osv. Dette inneber at ein ikkje får godskrive meir enn 46 undervisningstimar pr. semester i permisjonstida (men ein får ikkje automatisk godskrive 46 timar), sjølv om ein rettleier eller underviser meir. Samstundes blir forskingsterminane, som før, haldne utanfor registreringa, slik at ingen får reduksjon i oppsamla plusstid som følgje av ein forskingstermin. Unntak: Medarbeidarar som deltek som sakkunnig medlem i ein tilsetjingskomité under forskingstermin eller frikjøp, får full utteljing for komitéarbeidet i undervisningsrekneskapen.

 

8. Medarbeidarar som er heilt eller delvis frikjøpte for å leia eit forskingsprosjekt, får ikkje utteljing i undervisningsrekneskapen for rettleiing av stipendiatar og postdoktorar knytte til prosjektet.

 

9. Komitéverv o.l. på fakultets- og sentralnivå, som det blir kravd kompensasjon for, må avtalast på førehand med instituttleiar. Det høyrer inn under arbeidsgjevars styringsrett å seia nei til at medarbeidarar tek på seg verv, samstundes som arbeidsgjevar har ansvar for at ingen blir overbelasta med slike oppgåver.

 

10. Instituttleiinga rapporterer til instituttrådet om oppfølginga av desse retningslinene når rådet bed om det.