Home
Department of Foreign Languages

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Val ved instituttet

Valstyret skal sjå til at alle vala ved instituttet blir gjennomførte i tide og på riktig vis. Instituttleiar har peikt ut følgjande valstyre for Institutt for framandspråk: Øyunn Hestetun (leiar), Pernille Myrvold, Even S. Underlid, Turid Daae (sekretær) og Egil Melander. Medlemane frå gruppe A (Hestetun og Myrvold) og gruppe C (Daae) sit for perioden H14-V18. Medlemane frå gruppe B (Underli) og gruppe D (Melander) sit for perioden H14-V15.

Valstyret organiserer vala av representantar for dei ulike gruppene til instituttrådet, val av verneombod ved instituttet og dessutan valet av den eine representanten frå gruppe A som skal veljast til forskingsutvalet ved instituttet. I tillegg har valstyret ansvaret for val av instituttrepresentant til fakultetsstyret.