Fem unge forskarar får millionar
Fem forskarar frå UiB mottek over 100 millioner kroner frå Bergens forskningsstiftelse og Universitetet i Bergen. Målet er å legge til rette for forsking i verdsklasse.

Main content
– Eg er svært glad for å få rekrutteringsstipendet. No kan eg få gjort det eg har eit stort ønske om å gjere. Stipendet gjer at forskinga mi kan gjere store framsteg, og eg kan koma med eit verkeleg bidrag, seier Yvette Peters, postdoktor ved Institutt for samanliknande politikk.
Peters er ein av fem forskarar som mottek midlar frå Bergens forskningsstiftelse (BFS) på til saman 103 millioner kroner.
Bergens Forskningsstiftelse deler kvart år ut rekrutteringsstipend til unge forskarar ved Universitetet i Bergen (UiB). Målet er at forskarane skal bygge opp og leie framifrå forskingsmiljø ved universitetet. Søkarane kan søke om inntil 20 millionar kroner over fire år, og UiB og fagmiljøa bidreg med ein tilsvarande sum som BFS.
Forbetrar demokratiet
Peters sitt prosjekt skal studere representasjon og politisk ulikskap i Europa, der mange land opplever at politiske konflikter vert stadig mer polarisert.
– Mange av desse problema er knytt til et problem med representasjon; skilnaden mellom kav folk vil ha og kva dei får, på ein demokratisk forsvarleg måte. Samtidig er det mange økonomiske og kjønnsmessige skilnadar i samfunnet, som har vist seg å føre til ein ulikskap i representasjon, forklarar ho.
Peters seier at rekrutteringsstipendet vil gjere det mogeleg å bygge et team, som skal samle inn data frå forskingslaben DIGSSCORE ved UiB. Slik kan ein gjere store framsteg og lære meir om korleis representasjon fungerer.
– Det skapar moglegheiter som ellers ikkje ville ha vore der. Vi kan samle informasjon som er skreddersydd for å svare på dei spørsmåla vi vil ha svar på, og dermed kan vi lære meir om korleis demokrati fungerer – og korleis vi kan få det til å fungere betre, seier Peters.
Ein kur for Parkinsons
Charalampos Tzoulis er forskar ved Klinisk institutt 1 og gruppeleiar for Translation in Neurodegeneration and Aging.
Forskargruppa forskar på menneskeleg aldring, særleg Parkinsons sjukdom. Målet hans er å lære meir om dei molekylære mekanismane som ligg bak aldersrelaterte nevrodegenerative sjukdommar og å skapa nye terapiar mot slike.
– Det er ei ære å motta stipendet. Eg er også spent på dei unike mogelegheitene dette gir meg og gruppa mi, vi kan utføre banebrytande forsking i verdsklasse her ved Universitetet i Bergen, seier han.
Pengane frå stipendet skal han bruke til å avdekke korleis gener og miljø forårsakar Parkinsons sjukdom.
– Målet er å undersøke desse interaksjonane på molekylært nivå og utnytte dei, og til slutt utvikle ein kur for Parkinsons, seier Tzoulis.
Sikrare kommunikasjonssystem
Lilya Budaghyan, forskar ved Institutt for informatikk, planlegg å bruke pengane frå BFS til å utvikle forskingsteamet sitt. Dei jobbar med tverrfaglege problemstillingar innan matematikk og informasjonsteori, knytt til Booleanske funksjonar.
Prosjektet og forskinga vil vere både praktisk og fagleg nyttig, meiner ho.
– Å løyse slike problem kan betre kor pålitelege og trygge moderne kommunikasjonssystem er, og kan få mykje å seie i fleire matematikk-greiner. Eg er svært glad for at dette no vert mogeleg, seier Budhagyan.
Støtta vil også bidra til å organisere internasjonale konferansar.
– Dette kjem til å styrke gruppa vår sin posisjon som ein av dei leiande i verda på sitt område, forklarar forskaren.
Meir kunnskap om havstiging
Klimaforskar Andreas Born skal bruka pengane han får i støtte til å etablere ei ny forskingsgruppe ved Institutt for geovitskap.
– Instituttet er internasjonalt anerkjent for sin ekspertise på klima- og isbrekonstruksjon og avanserte observasjons- og laboratorieteknikkar. Gruppa mi vil vere eit tillegg til dette, med vår bruk av numeriske modellar for klimasystem og polare isdekke, seier Born.
Ved hjelp av støtten skal han utvikle ein ny type isdekke-modell som nyttar seg av rekonstruksjonar av isdekket på Grønland, samstundes som modellen tek omsyn til fysikken i korleis isen flyttar seg.
– Ei slikt tverrfagleg tilnærming er unikt i verda, og vil skapa betre estimat for havstiging i både fortid og framtid, seier forskaren.
Får lengre perspektiv
Steffen Leth Jørgensen, forskar ved Senter for geobiologi kjenner seg privilegert og takksam for støtta frå BFS.
– Pengane gjer det mogeleg å etablere ei mindre gruppe forskarar og ein teknikar på deltid i fire år. I tillegg vert det mogeleg for meg å etablere og utvikle laboratoriefasilitetar eg treng til forskinga mi, seier Leth Jørgensen.
Tidlegare har han delteke i ei forskargruppe som oppdaga ein ny mikroorganisme i Norskehavet. Mikroben representerer ein ”missing link” i korleis livet har utvikla seg.
– Fire år med støtte gjer at eg kan tenkje på forskinga mi i eit langtidsperspektiv. Dette gjer at eg kan planlegge meir ambisiøse mål, sier han.