Home
Faculty of Medicine

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there

Sjukdom ved eksamen på Det medisinske fakultet

Main content

Informasjon om kva du gjer om du er sjuk på eksamen finn du på Studieavdelingas side: Syk på eksamen. Her finn du også informasjon om: 

  • Kva som er gyldig fråvær 

  • Korleis få registrert gyldig fråvær 

  • Krav til dokumentasjon 

  • Fristar for å søkje og levere dokumentasjon 

  • Skjema for søknad om gyldig fråvær på eksamen 

Når kan du ta opp igjen eksamen? 

Ved UiB gjeld tregongersregelen, som inneberer at ein får tre eksamensforsøk i eit emne. Dersom du har gyldig fråvær og fleire eksamensforsøk igjen, vil du bli meldt opp til ny eksamen påfølgjande semester. 

Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du har spørsmål om dette. 

Sjuk ved munnleg eller praktisk eksamen 

Ved sjukdom på munnleg eller praktisk eksamen, ta kontakt med instituttet som er ansvarleg for emnet du eksaminerast i, så raskt som mogleg, og gje beskjed om at du ikkje kan møte. Sjå faktaboks for kontaktinformasjon, eller på emnesida til det aktuelle emnet. 

Du må i tillegg søkje om gyldig fråvær som vanleg. 

Utsett frist for innlevering av oppgåver

På emne med oppgåvelevering er det mogleg å søke til instituttet om utsetting av leveringsfristen innanfor same semester. I slike tilfelle skal dokumentasjonen leverast saman med søknaden direkte til eksamensadministrasjonen ved instituttet. Så faktaboks for kontaktinformasjon.