Home
Faculty of Humanities

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
utdanning | historie

Historiestudentar gatelangs i Athen

– Vi lærer så utruleg mykje meir her enn vi ville gjort heime i Bergen.

Studentar og lærar på Piraeus
PIAREUS: Framleis kan ein sjå restane etter festningsverk og moloar (Themistokles' murar) rundt dei tre naturlege havnene i Piareus. Ein kan også sjå restar etter dei antikke båthusa.
Photo:
Ingrid Endal

Main content

14 studentar frå Universitetet i Bergen ruslar rundt i Athen. Dei er her for å lære om historia til det antikke Hellas og treng ikkje gå langt før det dukkar opp antikke ruinar eller ei bysantinske kirke. I Athen er ein omgitt av historiske monument.

– Dette må være den aller beste måten å oppleve Athen på, her lærer vi om alt vi ser, seier Marion. Ho har alltid hatt lyst til å reise hit og kunne ikkje la dette høvet gå frå seg.

Studerer fortida for å forstå notida

Athen har ei historie som strekk seg meir enn tre tusen år tilbake i tid. Det er her demokratiet vart født, og den kulturelle utviklinga i byen danna grunnlaget for den vestlege sivilisasjonen. 

– Kunnskap om Hellas i antikken er ein inngangsport til forståing av seinare europeisk historie og kultur, seier Eivind Heldaas Seland, som saman med Ingvar Mæhle er ansvarleg for emnet Det antikke Hellas' historie

I to intensive veker skal studentane lære om sosiale, økonomiske, politiske og kulturelle tilhøve i den greske antikken. Dei følger forelesingar og held sjølve foredrag om ein historisk stad eller eit minnesmerke.

– Alle studentane har førebudd seg på eit foredrag som dei held for dei andre, på den aktuelle staden eller ved det aktuelle monumentet. Det er veldig kjekt å høyre på og eg er imponert over framføringane deira, seier Seland.

Fleire perspektiv på historia

Emnet er ope for alle UiB-studentar og dei påmelde kjem frå ulike fag som arkeologi, kulturvitskap, medievitskap, datalingvistikk, lektorprogrammet i matematikk, i tillegg til historie. 

– Det vi har til felles er interessa for antikk historie, men vi merkar jo at det er litt forskjell på oss. Arkeologistudentane studerer steinar og monument mykje grundigare enn det vi andre gjer, fortel Kristoffer. 

– Det er spennande å få eit anna perspektiv på historia. På arkeologistudiet har vi størst fokus på handel og gjenstander, her handlar det mest om politikk, krigar og samfunnsstrukturar, fortel Siv og Ragnhild, som dessutan har kunsthistorie i fagkretsen.

Helge er kjekk å ha med. Han studerer gresk på si og kan forklare namna på stadene dei besøker. Han fortel at heile befolkninga hadde adgang til å følgje leikan som vart haldne på det Panatheneiske stadion – som opprinneleg blei bygd i antikken og seinare vart nytta til dei første olympiske leikane i moderne tid. Pan betyr nemleg alt, eller heile.

– Helge er dessutan grei å ha når vi skal dele rekninga etter eit restaurantbesøk, flirer Steffen.

Minner for livet

Tilsette ved Det norske instituttet i Athen har organisert det praktiske rundt emnet, som å ordne med inngang til museum og monument, og å skaffe studentane ein stad å bu. Det er ved instituttet dei daglege forelesingane vert haldne og derifrå er vegen kort til gjestehuset dei bur på. 

– Gjestehuset er som eit kjempekollektiv. Det er gøy å bli kjent med studentar frå andre fag og vi har det veldig sosialt. Ikkje går det hardt utover lommeboka heller.

Sjølv om det også har blitt nokre seine kveldar har alle stilt opp til avtalt tid kvar morgon. I helgene har dei studiefri men nytta anledninga til å reise på ekskursjoner til stader som Delphi og Olympia.

– Vi er jo ivrige studentar, på stranda kan vi dra ein annan gong, seier Mostafa, og fleire stemmer i:

– Dette er ein tur vi kjem til å hugse for alltid, det har vore heilt fantastisk. Forelesarane har vore enormt engasjerte og kunnskapsrike, det kunne ikkje ha vore betre.

Vel heime skal dei snart i gang med semesteroppgåve over eit gitt tema.

–  Vi kjem til å legge sjela vår i den oppgåva. Etter eit så interessant og utruleg bra opplegg kan vi ikkje skuffe Ingvar og Eivind.