Fransk gir mange moglegheiter
Birgitte likar å utfordre seg sjølv og året på utveksling ga ho ekstra motivasjon til å lære meir.
Main content
Kva er det beste med å studere fransk?
Det beste med å ta master i fransk er at ein får utfordre seg sjølv heile tida. Det er alltid noko meir å lære på feltet du ser på. Du får meistringskjensle når du merkar utvikling. Eg var eit år på utveksling på Université Lille Nord de France i byen Lille under bachelorstudiet, og det var så kjekt at eg fekk ekstra motivasjon til å lære. Eg bestemte meg då for å ta ein mastergrad i fransk.
I tillegg er noko av det som gjer det så kjekt å studere fransk at vi har eit veldig godt studiemiljø og veldig flinke forelesarar som er veldig inspirerande. Dei sørger for at studentane får ta del i – og får innblikk i forskinga deira. Det at vi er eit lite miljø gjer at vi blir tett samanknytte og at vi får veldig god oppfølging.
Kva skriv du masteroppgåva di om?
Eg studerer korleis kvinneleg aldring blir opplevd og framstilt i Marguerite Duras sine sjølvbiografiske tekstar, med hovudvekt på boka Elskeren. Det er svært spennande å arbeide med Duras opp mot desse to tema, då ein finn sjølvbiografiske element i nesten alt ho skriv, og fordi ho er ein forfattar som utfordrar både den sjølvbiografiske sjangeren og stereotypiar kring alderdom. Rettleiaren min er også med på eit stort tverrfagleg forskingsprosjekt om forsking på alderdom. Temaet er eit eksempel på kor viktig og relevant humanistisk innfallsvinkel og forsking er for samfunnet.
Kva har vore det mest utfordrande i denne prosessen?
Det har vore å finne min veg i oppgåva. Kva verk eg skulle ha med og korleis eg skal tilnærme meg stoffet. Det er også ei utfordring å skrive master på fransk. Av og til kjennest kvart ord som ein kamp når ein skal gjennomføre ei god litterær analyse og samstundes skrive det på fransk. No er hovudutfordringa kampen mot klokka og å bli ferdig i tide.
Får du tid til å vere aktiv også utanfor studia?
Eg brukar ein god del tid på andre ting også, fordi eg veit at dei erfaringane også er viktige for meg. Eg er leiar for fagutvalet i fransk, med i programstyret til fransk, i instituttrådet (UUI) og eg er leiar for studentutvalet. Det er verv som tar mykje tid, men som også er gode erfaringar. Eg merkar at eg utviklar meg veldig i desse rollene. Eg blir sikrare på å ta ansvar og å eg får jobbe med kommunikasjon og organisering. Eg speler også klarinett i universitet sitt orkester.
Kva ser du for deg at du har lyst til å jobbe med når du er ferdig?
Det er veldig mange moglegheiter dersom ein er open og tenkjer kreativt. Mange som har studert språk får jobb i undervising. Mange jobbar med administrasjon, eller media. Eg syns alt dette er spennande moglegheiter. Ein må vere flink på å selje seg sjølv og å bli bevisst på eigen kompetanse som HF-student. Eg veit jo at sjølv om det høyrest ut som at eg berre kan mykje om fransk litteratur, så sit eg etter masteren att med ferdigheiter som er viktige i mange forskjellige yrke.