Home
Faculty of Mathematics and Natural Sciences

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Ekstern hospitanter

Studierett for HVL-studenter

HVL-studentar innan nokre fagområder kan ta emne ved MN-fakultetet, medan studentar frå andre utdanningsinstitutasjonar dessverre må søke seg inn gjennom samordna opptak for å ta emne ved MN-fakultetet.

Studentar frå andre utdanningsinstitusjonar enn HVL må søke seg inn gjennom samordna oppptak for å ta emne ved MN-fakultetet.

UiB og HVL har innan enkelte fagområder eit tett samarbeid. Som HVL-student er du derfor velkommen til å ta enkelte emne ved MN-fakultetet.
Det er ulike framgangsmåte for dei ulike fagområda:

Kjemi

Studentar frå ingeniørstudiet i kjemi kan ta emna KJEM120 eller KJEM123 dersom dei oppfyller forkunnskapskrava til emna.
For opptak til desse emna, ta kontakt med fagkoordinator på HVL innan:

  • 10. juni for haustsemesteret
  • 1. januar for vårsemesteret

Fysikk

Emna PHYS109, PHYS114, PHYS118 og PHYS119 er opne for studentar frå HVL, men mest aktulet for studentar på ingeniørstudiet i elkraftteknikk eller automatiseringsteknikk.
For opptak til desse emna, send e-post til studie.fysikk@uib.no innan:

  • 20. august for haustsemesteret
  • 20. januar for vårsemesteret

Informatikk

Emna INF225 og INF226 er opne for studentar frå HVL, men mest aktuelt for studentar på ingeniørstudiet i data.
For opptak til desse emna, send e-post til studieveileder@ii.uib.no innan:

  • 20. august for haustsemesteret
  • 20. januar for vårsemesteret

Master i innovasjon og entreprenørskap

Studentar med ein realfagleg bachelor kan få godkjent aktuelle emne ved MN-fakultetet som ein del av mastergrada deira.
For opptak, ta kontakt med rådgiver på Avdeling for ingeniør- og økonomifag innanfor desse søknadsperiodane:

  • 1. august-25. august for haustsemesteret
  • 1. januar-25. januar for vårsemesteret

Dess tidlegare i søknadsperioden studenten søker, dess større sjanse for å få plass på emna ein ønsker å ta.