Home
Education

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Matematikk

Studiet med to strekar under svaret

I matematikken lærer du deg å lære.

Sven I. Bokn, student ved matematikk
FRIDOM: Sven I. Bokn likte mykje ved utvekslinga i Berkeley, men føretrekk fridomen ein har til å studere i eiget tempo i Bergen.
Photo:
Eivind Senneset

Main content

– Eg har fått lov til å reise Berkeley, eit av dei beste universiteta for matematikk. Det er folk der borte som sidan dei var små har drøymd om å studere der, og så har eg berre levert inn ein liten søknad for å studere og fått plass. Eg torde ikkje seie det til dei, dei kunne jo blitt sure på meg!

Sven I. Bokn, student ved masterprogrammet i matematikk, vil anbefale utveksling til alle som byrjer å studere – sjølv om han føretrekk fridomen ved studia i Bergen framfor det meir strukturerte på Berkeley. Nokre fordelar var det likevel med å reise til eit større universitet:

– Å sjå matematikarane som du har sett på Youtube, stå framfor deg og forklare – du blir jo nesten starstruck. Det var heilt ville forelesningar!

Men sjølv heime att i Bergen er det internasjonale miljøet ved faget noko han set pris på. Rundt halvparten av klassen hans er utanlandske studentar, noko som set preg på studiemiljøet – og det å møte nye folk er artig.

Frå tømmer til nummer

Etter at Sven gjekk yrkesfag som tømrar på vidaregåande, tok han påbygg for å få studiekompetanse. Det var fysikken som dreiv han til høyere utdanning, men ein god mattelærer på vidaregåande fekk han til å innsjå at det var matematikken som eigentlig låg han nærast.

– Eg synest det er fint å sjå samanhengane. Det er naturens språk på mange måtar. Matematikken ligg bak alt dette, alle dei relasjonane er fascinerande. Pytagoras-setninga er like sann i dag som den var for tusen år sidan. 

Sven synest absolutt matematikk kan beskrivast som vakkert, og en av favorittene er Eulers identitet frå 1700-talet – som ein får grunnlaget til å bevise allereie i grunnkurs i matematikk, MAT111. Etter kvart går ein gjennom meir og meir moderne matematikk. Sjølv jobbar han no mest med differensialgeometri – eit fagfelt han deler med Abelprisvinnar John Nash.

– Det er faktisk forska på, når folk ser på kunst eller høyrer vakker musikk og når ein matematikar ser ei fin likning eller eit fint bevis, så er det same hjerneaktiviteten som ein kan sjå i scannarane. Matematikken er som musikk for oss, det er som å sjå kunst, seier Sven.

Matematiker – som å være detektiv

– Å vere tolmodig er viktig, matematikk kan vere 99 % håplaust, og 1 % meistringskjensle, seier Sven som meiner det viktigaste er å like det analytiske, litt som ein detektiv:

– Det blir litt som i «Making a murderer», når advokatene legger frem  analytiske bevis og logiske argument det er vanskelig å motsi, berre at du i matematikken kan sitje å gjere det med penn og papir. Når ein kjem til matematikk så har ein eit svar, ein kan ikkje drøfte det. Om du har bevist noko, så er det slik. Og då er det slik for alltid.

Sven håper på eit stipendiat i matematikken etter fullført mastergrad, men om ikkje ser han på matematikk som ganske anvendeleg med mykje fridom til å velgje det ein vil.

– Du lærer deg å lære, så om du har ei problemstilling så trur eg du sit ganske godt med matematikkbakgrunn. Du har mykje fridom til å velgje det du vil. Ein kan ha biologi, statistikk, mange er innom finans også, som aktuar eller liknande, kanskje risikoanalyse for ulike bedrifter. Eg trur eg skal få meg jobb, seier han og ler.