Home
News

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
Nyheter

Heidrar formidlaren Aarebrot med årleg forelesning

Den første Aarebrotforelesninga vil bli halden hausten 2018.

- Å formidle kunnskap og forsking er viktigare enn nokon gong, seier professor Frank Aarebrot. I 2017 tok han imot Christieprisen for å vere ein brubyggar mellom forsking, utdanning og omverda.
Photo:
Britt Kristin Ese

Main content

Fredag 19. januar 2018 ville ha vore Frank Aarebrot sin 71-årsdag. Professoren og formidlaren hadde forelesninga som eit av sine sterkaste arbeidsverktøy, og ideen om å heidre han med dukka opp raskt etter hans død i september ifjor:

– Vi har beslutta å avhalde ei årleg minneforelesning for Frank Aarebrot. Forelesningane skal i hans ånd vere for folk flest, sa UiB-rektor Dag Rune Olsen i minneordet ved gravferda.

– Frank Aarebrot hadde eit unikt engasjement for faget, og ei formidlingsevne og formidlingsglede som var i særklasse, seier prorektor ved UiB, Margareth Hagen.

Den første av desse forelesningane vil bli avhaldt i Universitetsaulaen haust, i samarbeid med familien til Frank og Studentersamfunnet i Bergen. Kvart år vil desse bli haldne av ulike forelesarar med ulike tema.

– Med denne årlege forelesninga ynskjer vi også å feire den muntlege formidlingstradisjonen som Aarebrot var ein så viktig og sterk representant for. Vi ser fram til å om ikkje så altfor lenge kunne presentere både kven som skal avhalde forelesninga og kva som blir temaet, seier Hagen.