Home
University of Bergen Library

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
SPRÅKSAMLINGANE

Ordbøker (Leksikografi)

Språksamlingane inneheld omfattande ordboksdata til bokmål og nynorsk, samt gammalnorsk (sjå gammalnorsk og norrønt). Språksamlingane gir tilgang både til oppdaterte normerande ordbøker (rettskrivingsordbøker) og dokumenterande ordboksressursar.

Nynorskordboka og Bokmålsordboka

Nettordbøkene Nynorskordboka og Bokmålsordboka er ein viktig kanal for Språkrådets normering av norsk språk. Nettordbøkene vert drivne av Språkrådet og Universitetet i Bergen i tett samarbeid og på ei sams digital plattform. Under oppslagsorda finn du informasjon om ordtydingar, bøyningsformer og ei kortfatta ordhistorie.

Frå  1. januar 2018 og dei neste 5½ år pågår Revisjonsprosjektet for Bokmålsordboka og Nynorskordboka med nytt ordtilfang, revisjon av definisjonane samt opparbeiding av meir samsvar mellom nettordbøkene. I tillegg kjem ei modernisering av den digitale plattforma for ordbøkene. 

Språkrådet er førstelinjeteneste for språklege og språkfaglege spørsmål til nettordbøkene og Språksamlingane. 

Norsk Ordbok

Ordboka over det norske folkemålet og det nynorske skriftmålet - gjev ei uttømmande framstilling av ordtilfanget i dei norske dialektane og det nynorske skriftspråket. Under oppslagsorda finn du informasjon om ordtydingar, dialektformer, grammatiske opplysningar og opplysningar om ordhistorie.

Norsk Ordbok er ikkje ei rettskrivingsordbok for moderne nynorsk. Oppdatert informasjon om gjeldande skrivemåtar og bøyingsformer av ord er tilgjengeleg i Nynorskordboka.

Siste band av Norsk Ordbok vart lansert 9. mars 2016. I ferdig form vil ordboka innehalde meir enn 330 000 ordartiklar. Dei eldste delane av ordboka er ikkje digitalt tilgjengelege. Det ligg føre planar om ferdigstilling av desse delane, men finansiering er førebels ikkje på plass.

Søk i ordboka kan førebels berre skje i alfabetstrekket "i–åværig" i alt 220 000 ordartiklar.
Verket finst i trykt form og kan tingast her.

Norsk ordbank

Språksamlingane har sidan 2016 hatt ansvaret for drift og vedlikehald av Norsk ordbank. Ordbanken er ein elektronisk database av grunnord og bøyingsmønster og kopling mellom dei. Norsk ordbank er brukt i fleire språkressursar, mellom anna i Bokmålsordboka og Nynorskordboka på nettet og Oslo-Bergen-taggeren. Norsk ordbank er oppdatert i samsvar med dei siste rettskrivingsendringane i bokmål (2005) og nynorsk (2012). Universitetet i Bergen og Språkrådet har det overordna ansvaret for utvikling av Norsk ordbank.

Sidan hausten 2011 er Norsk ordbank tilgjengelig på ein fri lisens via Språkbanken.

Basen blei utvikla i samband med Taggerprosjektet (1996–1998), finansiert av Noregs forskingsråd. Fleire miljø ved Universitetet i Oslo var involvert i utviklinga av basen: Dokumentasjonsprosjektet, Tekstlaboratoriet ved Institutt for lingvistiske fag og Seksjon for leksikografi og målføregransking ved Institutt for nordistikk og litteraturvitskap. Også Norsk språkråd deltok i utviklinga av basen. Norsk ordbank blei laga på grunnlag av:

· ordlister og bøyningsmønster for bokmål og nynorsk laga ved IBM Norge

· oppslagsord og bøyingsopplysningar frå Bokmålsordboka og Nynorskordboka
  laga ved ILN, UiO

· argumentstrukturkodar laga av NorKompLeks ved NTNU

 

Litteraturreferansar

Engh, Jan: IBMs leksikografiske prosjekt for norsk 1984–1991. I: Maal og Minne 1-2014.

Hagen, Kristin & Anders Nøklestad (2010): Bruk av et norsk leksikon til tagging og andre språkteknologiske formål. I: LexicoNordica 17, 55–72.

Grønvik, Oddrun & Christian-Emil Smith Ore (2014): Samvirket mellom ordbank og ordbok. I: Ruth Vatvedt Fjeld & Marit Hovdenak (red.): Nordiske studier i leksikografi 12. Rapport fra Konferanse om leksikografi i Norden Oslo 13.–16. august 2013.

 

Les mer om: Revisjonsprosjektet