Home
University of Bergen Library

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
SPRÅKSAMLINGANE

Namnegransking

Språksamlingane inneheld ei rekke databasar med namn, i hovudsak stadnamn. Dei vert brukte både i forsking og i forvaltinga av Lov om stadnamn. Ikkje alle basar er på nettet i skrivande stund, men dei blir lagde til etterkvart.

Main content

Den nasjonale stadnamnbasen

Den nasjonale stadnamnbasen inneheld om lag 700 000 namn totalt i Stedsnavnarkivet og Oppslagsarkivet (fordelte på Heradsregisteret, Stadnamnsamlinga ved UiB ein del einskildsamlingar og seternamnregisteret). I tillegg inneheld basen 3 700 originale innsamlingskart i Kartarkivet.
Materialet er tilgjengeleg på nettet – sjå lenke til høgre, og er søkbart i søkeformular på oppslagsform, fylke og herad. Det er òg søkbart på standardledd (-skog, -bø, -heim osv.), som er viktig for bruk av dokumentasjonsressursen i språkvitskapleg samanheng. Enkeltbasar kan òg søkast fram. Informasjon kan lesast frå setelvisningar i bildeformat. Lydskrifta som er brukt, er i hovudsak norvegia. Potensialet for utnytting av dette materialet i forsking, forvalting og undervisning er stort.
Søkeskjemaet er enkelt å bruke, det inneheld rullemenyar og det finst ei kort brukarrettleiing som gjev supplerande informasjon om søkekategoriane. Funksjonaliteten er tenkt oppdatert med nye søkefasilitetar i framtida.

Etymologiregisteret

Etymologiregisteret inneheld om lag 150 000 oppføringar med utdrag frå faglitteratur frå perioden 1913-1995. Registeret består av kopiar av papirsetlar frå Uppsala. Dette registeret inneheld systematiserte opplysningar til bruk i språkvitskapleg forsking. Registeret gjev god supplerande informasjon til t.d. diakrone studiar av morfologi og fonologi. Basen er av stor verdi for arbeidet med forvaltinga av lov om stadnamn.