Home
University of Bergen Library

Warning message

There has not been added a translated version of this content. You can either try searching or go to the "area" home page to see if you can find the information there
SPRÅKSAMLINGANE

Målføre og dialektologi

Det dialektologiske materialet etter Norsk Målførearkiv er del av Språksamlingane. Materialet er viktig for forskinga i norske dialektar. Det vart nytta ved utarbeidinga av Norsk Ordbok. Materialet er også viktig som empirisk grunnlag for det normerande ordboksarbeidet med norsk språk.

Målføresynopsen

Målføresynopsen består av 43 handskrivne protokollar som er resultatet av ei stor undersøking av uttalen av om lag 1500 utvalde ord frå alle herada i Noreg, utført om lag 1950 til 1970. Utgangspunktet er Storms Kortere Ordliste frå 1884 (som tek sine dømeord frå Aasen: Norsk Ordbog, 1873). Orda fungerer som språklege sondar som fangar opplysningar om lyd- og formlære i dei norske dialektane. Slik representerer målføresynopsen ein unik dokumentasjon av desse sidene ved dialektane frå første halvdel av 1900-talet. Ikkje minst for studiar av språkendringar både fram til, men særleg etter, innsamlinga, utgjer synopsen ein viktig forskingsressurs. Ressursen er vidare også eit godt utgangspunkt for formidling.
Dei fysiske protokollane er skanna inn og det kan søkast i dei innskanna bileta via grensesnittet utvikla av EDD (Universitetet i Oslo). Tilgjengelege metadata i grensesnittet er mellom anna bindtittel, fylkesnamn, og paragraf. Det er førebels ikkje mogleg å søke på enkeltord i lista, men det vil bli mogleg med tida. Eit meir detaljert søkegrensesnitt vil bli utvikla, der ein vil kunne søke både på enkeltord i lista og på morfologiske kategoriar. Transkripsjon av orda i synopsen ligg lengre inn i framtida.

Norsk dialektatlas

Norsk dialektatlas er ei samling på 961 kart med isoglossar for norske målføre, teikna for hand i perioden 1950-1980 på Målførearkivet, UiO. Kartsamlinga var opphavleg tenkt som ei visualisering av Målføresynopsen. Alle karta er skanna og kan søkast opp via eit grensesnitt utvikla av EDD (mykje på same måten som sidene i Målføresynopsen). Alle karta er digitaliserte og georefererte, og protokollane er skrivne inn og er søkbare. Grensesnittet no gir visse mogleikar til å søke opp større kategoriar knytte til ulike språklege eller ikkje-språklege emne. Dialektkarta er i hovudsak språkhistorisk innretta. Det finst òg ein del ordgeografiske kart som har grunnlag i arbeida til Oskar Bandle og andre.

Talemålsarkivets registrant

Lydbandopptaka frå Norsk målførearkiv er digitaliserte gjennom eit prosjekt gjennomført av DOK (EDD) og ILN med støtte frå Kulturrådet i perioden 2001-2005.
Transkripsjon og tilgjengeleggjering av dei resterande lydopptaka i Norsk målførearkiv er ein del av det store NFR-finansierte infrastrukturprosjektet Language Infrastructure made Accessible (LIA), styrt frå Tekstlaboratoriet. Talemålsarkivets registrant gir fin oversikt over Norsk målførearkivs lydopptak.